Kven er din kandidat til Utdanningsprisen?

No kan du nominera kandidatar til Utdanningsprisen i Helse Vest. Frist for å nominera er 26. oktober 2026.

Publisert 30.06.2026
En gruppe mennesker som holder en plakett

Foto: Siv Rosvik Vindenes

Frå venstre: Siste vinnar av Utdanningsprisen var Profmed. Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi Hilde Brit Christiansen i Helse Vest, førsteamanuensis i medisinsk- og helsefaglig pedagogikk og leder av Enhet for læring ved Universitetet i Bergen Monika Kvernenes, professor Edvin Schei frå Universitetet i Bergen, lege og stipendiat Julie Solberg Knudsen frå Universitetet i Bergen og fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å løfte fram den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksemd til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Forslagsskjema skal sendast til sekretariatet for samarbeidsorganet (asta.optun@helse-bergen.no) innan 26. oktober 2026. Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Prisen delast ut på Utdanningskonferansen, som skjer i Bergen 7. og 8. januar 2027.

Les om vinnaren frå siste prisutdeling.

Statuttar for Utdanningsprisen.

Program for Utdanningskonferansen kjem her.

Meir om prisen

Vinnaren av utdanningsprisen får 100 000 kroner og eit kunstverk. Prispengane skal bli brukt til vidare utdanningsarbeid og tiltak. Prisen blir forvalta og delt ut av Helse Vest.

Prisen kan givast til grupper, team og klinikkar som ved ulike initiativ/tiltak har gjennomført ein viktig innsats for utdanning i verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest.

Prisen er open for utdanningstiltak retta mot alle grupper av lærande, som studentar i grunnutdanning, spesialistutdanning, praksistiltak, opplæring og vidareutvikling av medarbeidarar, i tillegg til etter- og vidareutdanningar.