logo Helse Vest

Openheitslova

Openheitslova (Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold) skal fremje respekten verksemder skal ha for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre allmenta tilgang til informasjon.

Lova pålegg verksemdene ei informasjonsplikt, og ei plikt til, mellom anna, å gjennomføre aktsemdvurderingar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, i tråd med OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap.

Informasjonsplikta gjeld frå lova trer i kraft 1. juli 2022, medan forklaringa for aktsemdvurderingar skal offentleggjerast innan 30. juni kvart år – ​første gong 30. juni 2023.

Lova omfattar både private og statsføretak som tilbyr varer eller tenester. Forbrukartilsynet rettleier og fører tilsyn, og skal kunne gi verksemder tvangsmulkt og straffegebyr ved brot på lova.

Helse Vest RHF er omfatta av regelverket.

Korleis jobbar Helse Vest RHF med openheitslova?​​​

Frå 1. juli 2022 har alle rett til å be Helse Vest RHF om informasjon om korleis vi handterer negative konsekvensar knytte til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Helse Vest RHF pliktar å svare på slike informasjonskrav.

Helse Vest RHF skal i 2022 setje i gang arbeid med aktsemdvurderingar, og eksisterande retningslinjer skal oppdaterast i tråd med kravet i openheitslova. Dette omfattar også retningslinjer for krav til leverandørar og forretningssamband. Innan 30. juni 2023 skal vil offentleggjere forklaringa vår for aktsemdvurderingane vi gjer.

Førespurnader om informasjonsplikt: post@helse-vest.no

Du kan lese meir om openheitslova nettsidene til Forbrukartilsynet

Sist oppdatert 24.04.2023