logo Helse Vest

Oppdragsdokument og styringsdokument

Føretaksmøtet er det øvste organet i helseføretaka og kan samanliknast med ei generalforsamling. Møta blir haldne to gonger årleg eller etter behov.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Helse- og omsorgsdepartementet handhever si eigarrolle i Helse Vest RHF i føretaksmøtet.​ 

Helse Vest RHF handhever si eigarrolle i dei seks dotterføretaka Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Førde og Sjukehuspoteka Vest gjennom føretaksmøte, i tillegg til for Helse Vest IKT AS.

Blant sakene som kjem opp er godkjenning av årsrekneskapen og samansetnaden av styret i kvart føretak.

Føretaksmøta skal elles fatte vedtak i alle vesentlege og prinsipielle saker. Både styreleiarar og administrerande direktørar skal møte i føretaksmøta.

Sist oppdatert 16.02.2024