Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Regional tiltaksplan

11. Tiltak og initiativ under planlegging

Her finn du tiltak som er under planlegging, som blir forvalta og tilpassa ut frå situasjonen og aktuelle rammevilkår i planperioden.

Forbetre oppgåvedelinga i og mellom helseføretaka

Vi skal byggje opp om desentraliserte spesialisthelsetenester nærmast mogleg pasientane. Samtidig fører auka spesialisering og avgrensa tilgang på helsepersonell til at det ikkje er berekraftig å tilby dei same tenestene overalt. Nye virtuelle tenester gjer det òg mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av einingane og sjukehusa, som kan sikre likeverdige tenester i heile regionen. 

Vi må derfor jobbe vidare med funksjonsfordelinga for å byggje opp meir robuste og spesialiserte fagmiljø, samtidig som vi skal behalde eit desentralisert tilbod. Tett samarbeid mellom sjukehusa i det lokale føretaket og mellom sjukehusa i regionen er ein føresetnad, og avtalar med private aktørar må vere best mogleg ut frå eit fagleg og ressursmessig perspektiv. 

 

Sikre rett volum og kvalitet på spesialisthelsetenester innanfor psykisk helsevern for barn og unge

Det er sett i verk tiltak for å sikre god rekruttering og stabilisering av kvalifisert personell innan psykisk helsevern. I tillegg bør vi bruke forsking og kvalitetsarbeid til å studere kva type behandling som har best effekt, og prioritere ressursane deretter. Pasientar som blir tilvist må bli vurdert på ein slik måte at tilstandar som med fordel kan bli handterte i kommunen, av fastlege eller andre, ikkje blir tatt inn i spesialisthelsetenesta. Fagfolk i primær- og spesialisthelsetenestene må ha dialog om kva behandling og tiltak som bør bli gjennomført i kommunen for den einskilde pasient, samt dialog om førebyggjande tiltak i kommunane. Aktuelle tiltak som vil sikre rett volum og kvalitet på spesialisthelsetenestene innanfor psykisk helsevern for barn og unge er

  • gjennomføring av og oppfølging av dei fem «miniprosjekta» i Helse Vest

  • utforske eventuell behandlingseffekt av ulike metodar som blir nytta, og ta konsekvensen av funna

  • utvikle god dialog med primærhelsetenesta om behandling av den einskilde pasienten i kommunen

  • utvikle god dialog med primærhelsetenesta om førebyggjande tiltak som kan skje i kommunen

 

Behandlingseffekt og helsegevinst i arbeidet med prioritering

Det er sterkt aukande behov for spesialisthelsetenester. Hovudårsaka er aukande tal på eldre med sjukdommar som vi kan behandle. Avgrensa tilgang på kvalifisert personell gjer det likevel ikkje mogleg å møte det aukande behovet med tilsvarande auke i talet på tilsette. Tiltak som betre oppgåvedeling og bruk av digitale verktøy vil kunne ivareta ein del av det aukande behovet, men vi må òg gjere strengare prioriteringar.

I helsetenestene er det dokumentert at vi bruker ressursar på tiltak som ikkje gir helsegevinst. Vi yter òg helsetenester som ikkje har dokumentert helsegevinst. Aktuelle tiltak for å bidra til rett prioritering og rett bruk av ressursar er å

  • avvikle tenester der det er dokumentert at tenestene ikkje har effekt (ingen helsegevinst)

  • utforske eventuell behandlingseffekt (helsegevinst) i tenesteområde der dette ikkje er gjort i tilstrekkeleg grad, eksempelvis i psykisk helsevern

  • prioritere høgare å yte helsetenester med god behandlingseffekt (høg helsegevinst) enn helsetenester med låg behandlingseffekt

  • vektleggje prioritering meir i utdanninga, deriblant LIS-utdanninga

  • gjennomføre opplæringstiltak om prioritering

 

Auke satsinga på digitale helsetenester

Digitale helsetenester inneber at helsetenester blir ytte heilt eller delvis med hjelp av digitale verktøy. Helsetenesta er den same som før, men fysiske konsultasjonar og pasientmøter kan ofte heilt eller delvis bli erstatta og effektivisert med digitale helsetenester. Digitale helsetenester og heimesjukehus omfattar alle former for spesialisthelsetenester i heimen, inkludert avansert heimesjukehus, ambulante tenester og digital heimeoppfølging (DHO). Digitale helsetenester kan vere både

  • digital konsultasjon, som video- og telefonkonsultasjonar

  • sjølvrapportering og eigenregistrering via ulike digitale løysingar

  • tilsyn og overvaking, der informasjon blir overført til sjukehuset frå medisinsk-teknisk utstyr 

  • sensorar og alarmar med tilhøyrande responssystem 

Helse Vest har som mål å auke bruken og tilgjengelegheita av digitale helsetenester kraftig for helsepersonell og pasientar i regionen.

 

Innovasjon gjennom anskaffingar

Helsetenesta kan nytte anskaffingar meir målretta for å utvikle og ta i bruk nye og innovative løysingar, i samarbeid med private samarbeidspartnarar. Myndigheitene forventar òg tettare samarbeid med næringslivet for å bidra til ei berekraftig utvikling av helsetenestene. Lovverket legg til rette for å fremje innovasjon gjennom anskaffingar, og helsetenesta gjer årleg anskaffingar for fleire milliardar kroner. Helse Vest vil derfor nytte anskaffingar til å utvikle og ta i bruk nye og smarte løysingar, blant anna for å redusere kostnadar og behovet for ressursar i helsetenesta.

Helse Vest er strategisk partnar i Nasjonalt leverandørutviklingsprogram (LUP), med mål om å styrke kompetansen om innovative anskaffingar i heile føretaksgruppa. LUP, Helse Vest RHF og Sjukehusinnkjøp divisjon vest skal samarbeide om kurs og tiltak for føretaksgruppa.

Tiltak og initiativ under oppstart og gjennomføring

    Sist oppdatert 03.04.2024