logo Helse Vest

Ventetider

Kva er ventetid og fristbrot, og kva betyr det for pasientane og sjukehusa?

Kva er ventetid? 

  • Når ein pasient blir tilvist til sjukehuset, og har rett til nødvendig helsehjelp, vurderer helsepersonell kva frist avdelinga skal ha for å gi pasienten ei første vurdering eller behandling, mellom anna etter faglege retningslinjer, alvorlegheit og hast.
  • For alle fagfelt vil det vere slik at pasientar som må ha rask hjelp, får kortare frist til og tidlegare time enn pasientar som kan vente lenger. 
  • Nokre tilstandar bør vurderast same dag, medan andre kan og må vente lenger.

Mål om ventetider

Gjennomsnittleg ventetid skal reduserast samanlikna med 2023 for somatikk, psykisk helsevern for barn og unge, psykiske helsevern for vaksne og TSB. Målsetjinga på sikt er gjennomsnittleg ventetid lågare enn 50 dagar for somatikk, 40 dagar for psykisk helsevern vaksne, 35 dagar for psykisk helsevern barn og unge og 30 dagar for TSB.

– Oppdragsdokumentet for 2024

Korleis blir ventetida registrert?

Når pasienten har fått ei første vurdering i spesialisthelsetenesta, vil pasienten normalt bli registrert med ein sluttdato på ventetida. Ventetida vil bli rekna frå tilvisinga er mottatt på sjukehuset til ein sluttdato for ventetida er satt. Sluttdato vil normalt seie tida for den første konsultasjonen.

Åtti prosent av pasientane som kjem til sjukehusa har inga ventetid.

  • Mange pasientar er tilvist for å vurdere om ein operasjon eller annan behandling er nødvendig.
  • Ved vurderingstidspunktet vil det normalt ikkje vere klart om operasjonen eller behandlinga er nødvendig. Pasienten får då ein poliklinisk konsultasjon. Ein poliklinisk konsultasjon vil seie at pasienten kjem til sjukehuset utan å bli lagd inn på ein sengepost. 
  • På den polikliniske timen blir pasienten vurdert, og har ein samtale kring fordelar og ulemper ved operasjon eller behandlinga. Ventetida vil kun telle fram til denne første konsultasjonen. 
  • Av og til vil det også vere behov for fleire konsultasjonar før operasjonen eller behandlinga. Vurderingar frå fleire andre fagfelt - til dømes vurdering av hjartelege før ein operasjon i narkose - kan også vere nødvendig.
  • For pasienten kan imidlertid total-ventetida for operasjonen vere det viktigaste. Pasienten vil se ventetida frå tilvising til operasjon som mest interessant.
  • Helse Vest RHF har laga ein rapport for å halde oversikt over total ventetid til ulike operasjonar og prosedyrar. Dei er svært ulike for dei ulike typane av operasjonar. Kvar form for inngrep må vurderast kvar for seg. Det finst til dømes 42 ulike formar for operasjon for innsetting av protese i hofteleddet.  

  • Mange pasientar treng fleire konsultasjonar. Ofte får pasienten oppfølging over lenger tid. Innan fleire fagområde er det også vanleg med regelmessige kontrollar, til dømes kvar tredje månad. Tida mellom kvar kontroll blir ofte tilpassa kvar pasient.
  • Kor lang tid det skal vere til neste konsultasjon blir bestemt under konsultasjonen. Pasienten vil anten få fastsett tid til neste konsultasjon eller få eit tentativt tidspunkt for når dette skal vere - til dømes innan tre månader.
  • Sjukehusa i vest har sidan starten på 2010-talet lagt vekt på på at flest mogleg pasientar skal få fastsett tid til neste konsultasjon under - eller rett i etterkant av - konsultasjonen. Det er samstundes få pasientar som får dette - og desse får tentativ tid for neste konsultasjon. 
  • Det er ulike måtar å følgje med på om pasientane får time til vidare utgreiing eller kontroll innan planlagt tid. Den vanlege indikatoren er del pasientar som har passert planlagt tid for neste konsultasjon. Målet er at dette talet ikkje skal vere høgare enn fem prosent. 

Kva er fristbrot?

Alle pasientar har rett til helsehjelp innan ein frist, som er sett ved vurdering av tilvisinga. Fristbrot vil seie at pasienten ikkje får denne helsehjelpa innan fristen som er satt.

Det er eit mål om at det ikkje skal vere fristbrot i spesialisthelsetenesta. 

Alle får akutt hjelp om dei treng det

Dei offentlege sjukehusa handterer alle pasientar som treng akutthjelp med ein gong utan ventetid. Dette utgjer cirka åtti prosent av alle innleggingar i sjukehus. Det er altså dei tilvisingane som kan vente, dei tjue prosentane, som inngår i ventetidsstatistikken.  

Det er også slik at pasientar som har andre sjukdommar som gir auka risiko for komplikasjonar, normalt ikkje vil få tilbod om operasjon hos dei private kommersielle aktørane. Desse pasientane får vurdering og behandling i dei offentlege sjukehusa.

Ventetidsløftet

I mai presenterte helse- og omsorgsministeren regjeringas ventetidsløfte. Målet er markant nedgang i ventetidene i løpet av 2024 og 2025.  

Helse Vest vil følgje opp ventetidsløftet ved i hovudsak å styrkje dei offentlege sjukehusa, men vi vil også styrkje tilbod hos private ideelle aktørar som vi har langtidsavtale med. Vi vil overføre midlane til dei tiltaka som sjukehusa sjølv meiner er nødvendige for å redusere ventetider.   

Meir om ventetidsløftet
Ikon

Nyheiter

    Sist oppdatert 13.06.2024