Vi har arbeidd målretta i Helse Vest for å vere godt rusta for det som møter oss. Heile tida er det det beste for pasienten vi arbeider for. Målet vårt er å gi pasientane betre livskvalitet der vi kan, enten det dreier seg om å bli frisk, leve med sjukdom eller få god støtte der medisinen kjem til kort.
Vi har gjennom fleire år jobba godt med rekruttering, vi jobbar målretta med pasienttryggleik og kvalitet, vi har orden i økonomien og investerer meir enn nokon gong i bygg og utstyr. Vi har jobba godt med organisering og systembygging gjennom 15 år og vi blir stadig nemnd som ein helseregion som er langt framme når det gjeld teknologiske løysingar.
Dei siste åra har ikkje berre teknologien gjort samhandlinga mellom avdelingar og sjukehus i regionen betre. Nå kan vi også involvere pasientar og pårørande på ein betre måte gjennom dialog med sjukehuset, elektronisk tilgang til journal, timeoversikt, e-resept, refusjon for reiser og anna.
Årsrapport 2021Nasjonale kvalitetsindikatorar (helsedirektoratet.no)
Historia - helsereformen 2002
Kvar går vi?
Det er mykje vi er stolte av å ha oppnådd. Vi ønskjer å fortelje om alt det gode arbeidet alle medarbeidarane i sjukehusa gjer. Men vi vil også vere opne og gjerne skape engasjement rundt dei utfordringane vi ser.