Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nasjonale rapporter

Nasjonale rapportar blir ofte laga av fagpersoner på tvers av regionane på oppdrag for departementa. Dei kan mellom anna omfatte analysar og kartleggingar. 

 

Regionale rapporter

Rapportering er viktig for å sikre openheit og ansvarlegheit i helsetenesta. Rapportane gir innsikt i vårt arbeid med å forbetre spesialisthelsetenesta, både nasjonalt og regionalt.

 

Berekraftsrapporter

Tilsette er sjukehusa si viktigaste ressurs. Det er avgjerande å behalde, vidareutvikle og rekruttere dyktige medarbeidarar i spesialisthelsetenesta, slik at helseføretaka i Helse Vest kan halde fram med å gi gode helsetenester av høg kvalitet til innbyggjarane på Vestlandet.


Difor har Helse Vest laga rapportserien «Berekraftig utvikling».
Rapportane skal underbyggje strategisk planlegging av kapasitet og kompetanse for prioriterte fagområde.


Formålet med rapportane er å:

  • Synleggjere moglegheiter for korleis spesialisthelsetenesta kan møte framtidas behov.
  • Gje innsikt i tiltak som bidreg til å sikre nok fagleg kompetanse – på ein måte som står seg i eit generasjonsperspektiv.

Målet er å tenkje nytt og utfordre etablerte løysingar. Rapportane skal bidra til at sjukehusa er rusta til å møte dei endringane som kjem, og kan dekkje det framtidige behovet for spesialisthelsetenester på ein berekraftig måte.

 

Habilitering og rehabilitering

Habiliterings- og rehabiliteringsrapportar gir innblikk i tilbod som er aktuelle for målgruppa, og peikar på utfordringar som store ulikskapar i tilbodet, mangel på ressursar og mangel på faglege retningslinjer.
 
Sist oppdatert 29.01.2026