Berekraftsrapport 2025
Berekraftsrapport for Helse Vest 2025.
Nasjonale rapportar blir ofte laga av fagpersoner på tvers av regionane på oppdrag for departementa. Dei kan mellom anna omfatte analysar og kartleggingar.
Rapportering er viktig for å sikre openheit og ansvarlegheit i helsetenesta. Rapportane gir innsikt i vårt arbeid med å forbetre spesialisthelsetenesta, både nasjonalt og regionalt.
Tilsette er sjukehusa si viktigaste ressurs. Det er avgjerande å behalde, vidareutvikle og rekruttere dyktige medarbeidarar i spesialisthelsetenesta, slik at helseføretaka i Helse Vest kan halde fram med å gi gode helsetenester av høg kvalitet til innbyggjarane på Vestlandet.
Difor har Helse Vest laga rapportserien «Berekraftig utvikling».
Rapportane skal underbyggje strategisk planlegging av kapasitet og kompetanse for prioriterte fagområde.
Formålet med rapportane er å:
Målet er å tenkje nytt og utfordre etablerte løysingar. Rapportane skal bidra til at sjukehusa er rusta til å møte dei endringane som kjem, og kan dekkje det framtidige behovet for spesialisthelsetenester på ein berekraftig måte.