Éin gong i året lyser vi ut midlar til innovasjonsprosjekt.
Skal ditt helseføretak i gang med komplekse prosjekt der de ønsker å samhandle med kommunehelsetjenesta? Planlegg de å sette i gang med heimesjukehus, men har utfordringar med å definere pasientforløp eller realisere gevinstar?
I slike prosjekt kan de få hjelp av InnoMed. Tilbudet er gratis, og du vil få dedikerte innovasjonsrådgivarar frå InnoMed som rådgivarar til ditt prosjekt.
Pilot Helse
Saman med dei andre regionale helseføretaka, KS og SIVA deltar Helse Vest RHF i Forskningsrådet si nye ordning Pilot Helse.
Pilot Helse er ei ordning som skal støtte ambisiøse og krevande innovasjonsløp. Støtta skal gje verksemder i offentleg sektor og bedrifter moglegheit for saman å etablere eit innovasjonsløp basert på behov hos pasientar, innbyggarar eller i dei offentlege helsetenestane.
Nyheiter om innovasjon
- 26. august 2022Auka sjanse for innovasjonsmidlar ved idéoverføringsprosjekt
Visste du at det er betre sjanse for å få stønad til å teste og adoptere kjente løysingar som allereie er tekne i bruk ved eit anna helseføretak, enn om du søkjer i kategorien «nye innovasjonsprosjekt»?
- 23. august 2022No kan du søkje regionale innovasjonsmidlar
Du kan søkje støtte til nye innovasjonsprosjekt eller idéoverføring, midlar til å adoptere og teste ut innovative løysingar som eit anna sjukehus/helseføretak allereie har tatt i bruk.
- 12. januar 202216 millionar til regionale innovasjonsprosjekt i Helse Vest
16 innovasjonsprosjekt får til saman 16 millionar kroner frå Helse Vest. Sjå kven som får støtte, nedst i saka.
Har du ein god idé?
Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.
Sist oppdatert 24.04.2023