Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Fargerik gangbro til sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. Foto.

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest

Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest gir service til kvalitetsregister med nasjonal status og/eller regionale/lokale register forankra i Helse Vest.​​

Kontaktinformasjon

Fagsenteret har ein regional funksjon og har kompetanse innanfor registeroppbygging og registeradministrasjon, jus, IKT, statistikk, analyse og kvalitetsforbetringsmetodikk, og gir bistand innanfor desse områda.

Fagsenteret er organisatorisk lagt til i Helse Bergen, Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon, og held til i Armauer Hansens hus ved Haukeland universitetssjukehus. Fagsenteret er, saman med andre regionale fagsenter, ein del av Nasjonalt servicemiljø for medisinske kvalitetsregistre.​

​Eit medisinsk kvalitetsregister samlar informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innanfor definerte sjukdomsgrupper. Det er i dag 59 nasjonale medisinske kvalitetsregister i Noreg der 21 er forankra i Helse Vest.

Les meir

Her finn du informasjon om relevant informasjon om medisinske kvalitetsregister, aktuelle skjema, malar og retningslinjer som du kan bruke i arbeidet med å etablere eit kvalitetsregister.

Les meir​​​​

Kvalitetsforbetring av helsetenesta er hovudføremålet med dei medisinske kvalitetsregistera. Resultat frå kvalitetsregistera kan vise forskjellar i praksis mellom klinikkar og uønskt variasjon i kvalitet. Data frå kvalitetsregistera er viktige i arbeidet med kvalitetsforbetring.

Les meir

Fagsenteret lyser ut stimuleringsmidlar til bruk av data frå kvalitetsregister i forbetring av helsetenesta. Midlane kan gå til kvalitetsforbetringsprosjekt eller forskingsprosjekt.

Meir informasjon og søknadsskjema​​

Om du ynskjer å motta våre nyheitsbrev, send oss ein e-post til
kvalitetsregistre@helse-vest.no​​.

    Sist oppdatert 28.04.2023