Landsdekkande Samhandlingsbarometer er ute
Helse Førde presenterer no eit splitter nytt, landsdekkande samhandlingsbarometer. Her kan du for første gong finne fram til mengder med data og fakta frå helsevesen og kommunar over heile landet – på ein og same stad.
Det nye samhandlingsbarometeret er utvikla som verktøy i samhandlinga mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, men har samtidig blitt ei faktabasert skattkiste for fagfolk og interesserte innan helse, politikk, samfunnsplanlegging, interesseorganisasjonar, presse og mykje meir.
Data frå heile landet
Samhandlingsbarometeret er strukturert med presentasjonar for heile Norge, alle fire regionale helseføretak (RHF) med alle tilhøyrande helseføretak (HF) og alle kommunane. Data er publisert for heile landet, inkludert bydelar der data er tilgjengelege.
I stadig utvikling
– Vi ser det som viktig å presentere mest mogeleg variablar for kommunane, også dei med lågt innbyggjartal. Men dei aller minste kommunane kan i nokre tilfelle bli ståande utan data på enkelte variablar, på grunn av omsynet til personvern, seier leiar for Samhandlingsbarometeret, Emma Bjørnsen.

Emma Bjørnsen er leiar for Samhandlingsbarometeret (Foto: E. Bjørnsen)
I første omgang vil Samhandlingsbarometeret innehalde eit avgrensa sett med indikatorar, men nye variablar vil kome inn etter kvart. Tilgang til oppdaterte data frå dei ulike datakjeldene er avgjerande for oppdatering av data og kva nye indikatorar som kan publiserast. Følg med!
Vi oppmodar alle brukarar til å gå inn på dei ulike indikatorane og gjere dykk kjende med løysinga.
Innspel og spørsmål velkomne
– Sjølv om vi kontrollerer tala best mogeleg før publisering, kan utilsikta feil forekomme. Så dersom nokon finn tal som ein lurer på om kan stemme, så set vi pris på tilbakemeldingar slik at vi kan vi gå nærare inn på kjeldetala, seier Bjørnsen.
Det same gjeld andre tilbakemeldingar, både utfordringar brukarane opplever når det gjeld bruk eller forslag til endringar i oppsettet. Forslag til aktuelle nye indikatorar er også velkomne. Send oss dine innspel eller spørsmål på samhandling@helse-forde.no
– Vi håper det nye Samhandlingsbarometeret vert nyttig i det viktige arbeidet med å få til god samhandling på tvers av nivåa i norsk helseteneste, seier Bjørnsen.