No kan du søkje regionale innovasjonsmidlar
Du kan søkje støtte til nye innovasjonsprosjekt eller idéoverføring, midlar til å adoptere og teste ut innovative løysingar som eit anna sjukehus/helseføretak allereie har tatt i bruk.

Prioriterte område
Helse 2035, strategien i Helse Vest, og Nasjonal helse og sjukehusplan 2020-2023 ligg til grunn for dei prioriterte satsingsområda for tenesteinnovasjon i utlysinga for 2023. I åra framover vil etterspurnaden etter helsetenester auke, samtidig som det økonomiske handlingsrommet og talet helsepersonell ikkje vil auke i same grad.

Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. Foto: Kjetil Alsvik
– Helse Vest vil difor prioritere prosjekt som legg vekt på gevinstar for helsetenesta i form av ei meir optimal organisering, ressursbruk og/eller reduserer behovet for vekst i helsepersonell, og gjerne med potensial for regional skalering, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
To kategoriar
I kategorien «nye innovasjonsprosjekt», kan du søkje inntil 1,2 millionar kroner til nye prosjekt. For å kvalifisere til maks stønad i denne kategorien, må det vere samarbeid mellom minst to helseføretak i Helse Vest.
I kategorien «idéoverføring» kan du søkje om inntil 400 000 kroner til å teste/adoptere gode innovasjonsløysingar frå andre helseføretak i Noreg eller utlandet.