Desentraliserte kliniske studiar
7 av 10 potensielle deltakarar i kliniske studiar bor meir enn to timer unna nærmaste studiested. Desentraliserte studiar, der deler av oppfølginga skjer på lokalsjukehuset eller heime kan gi deltakararen eit meir likeverdig tilbod. Men kva inneber eigentleg slik desentralisering og korleis kan vi lykkast med det?
– Rundt 80 prosent av befolkninga vil gjerne delta i kliniske studiar, men mange bor meir enn to timers reiseveg unna studiested. Då blir det krevjande å kome ofte inn til sjukehuset, seier Sam Hariry, Global Head Clinical Innovation i Novartis. Han viser blant anna til ein studie utført av CISCRP (The Center for Information and Study on Clinical Research Participation).
Tema for stort møte i Bergen
Mandag 13. mars arrangerte NorTrials, LMI og dei regionale helseføretaka – under leiing av Helse Vest – eit heildagsmøte om nettopp desentraliserte kliniske studiar. Heile 14 foredragshaldarar og over 150 deltakarar var til stades på Bikuben kurs- og konferansesenter på Haukeland universitetssjukehus.