logo Helse Vest

Nytt behandlingstilbod for kjønnsinkongruens

I løpet av 2023 skal dei regionale helseføretaka teste ut nytt behandlingsforløp for barn og unge med kjønnsinkongruens. Målet er å skape eit heilskapleg behandlingstilbod av god kvalitet.

Publisert 28.03.2023
Sist oppdatert 30.03.2023
Figur av mennesker med snakkebobler
– Vi håpar at vi gjennom etableringa av dette behandlingstilbodet skal kunne gi eit godt behandlingstilbod regionalt, og at det igjen skal føre til kortare ventetid for dei som skal behandlast nasjonalt. Vi ønskjer også at det skal bidra til å spreie kunnskap om feltet, og heve kompetansen lokalt, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF.

Dei regionale helseføretaka fekk i 2020 i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å etablere eit heilskapleg behandlingstilbod for personar med kjønnsinkongruens, og i tillegg etablere regionale senter for kjønnsinkongruens. Helsedirektoratet publiserte same år ei nasjonal fagleg retningslinje som beskriv ein såkalla desentralisert modell. Der skal fastlegar, kommunar, og helseføretak gjere ein del av dei oppgåvene som har lege til nasjonal behandlingsteneste tidlegare.

Tenesteforløpet er utvikla i tett samarbeid med ulike fagmiljø og brukarorganisasjonar, og med tanke på medisinfaglege tilrådingar og retningslinjer. Blant anna SOC8 og ICD-11, og internasjonale kunnskapsoppsummeringar (CASS 2022, SocialstyrelsenNHS 2022​). 

Kjem nærare pasienten

Dagleg leiar Tone Maria Hansen ved Harry Benjamin Ressurssenter er ein av dei som representerer brukarane i arbeidsgruppa, som jobbar fram det regionale tenesteforløpet. Ho ser fleire fordelar ved eit regionalt senter. 
– Vi vil komme nærare pasienten, og her kan dei gjere ting som dei ikkje har ressursar til i den nasjonale behandlingstenesta, seier ho. 

Hansen meiner eit regionalt senter kan vere ein arena for samtalegrupper og nettverksbygging. Pasientane kan også få tilgang på hjelpemiddel, som kan vere nyttige å ha i ein tidleg fase av dei ulike prosessane som personar med kjønnsinkongruens skal inn i. 
– Alt avheng jo av kva slags midlar det regionale senteret får, men eg trur det kan vere god hjelp for mange som treng å utforske kjønnsidentiteten sin litt nærare. Slik det er i dag går det som regel raskt via barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eller dei distriktspsykiatriske sentera (DPS) til nasjonal behandlingsteneste, men ein del er ikkje klare for det, seier ho.

Nytt tenesteforløp

Arbeidde med etableringa av nytt tenesteforløp med lokale senter vart sett i gang hausten 2022. Basert på innsiktarbeid gjort i prosjektet og tilrådingar i SOC8 og ICD-11, konkluderte prosjektet i eit forslag som no skal testast ut i Helse Midt-Noreg, Helse Vest og Helse Nord.

Målet med det nye forløpet og etableringa av dei regionale sentera er å gi raskare kontakt med helsetenester med erfaring og kompetanse om kjønnsinkongruens, redusere ventetida på Nasjonal behandlingsteneste for kjønnsinkongruens, tilby ikkje-medisinsk pasientbehandling i dei regionale sentera og spreie kunnskap og heve kompetansen lokalt. Det er, og vil fortsatt være tett samarbeid med den Nasjonale behandlingstjenesten. 
– Parallelt med at vi har arbeidet med pasientforløpet, har vi lyst til stillinger og rekruttert legar og psykologar som kan noko om feltet og vil vere med på å bidra, seier overlege Hans Petter Fundingsrud på Universitetssykehuset Nord-Norge. 

Behandlingstilbodet

Det blir tilrådd at sentera har medarbeidarar med denne kunnskapen: 
  • Koordinator med relevant helsefagleg ekspertise, som skal planleggje pasientforløpet og koordinere samarbeid med andre aktørar. 
  • Psykologspesialist med kompetanse på utviklingspsykologi og psykisk helse, som skal gi heilskapleg, psykososial støtte under utgreiing og behandling. 
  • Sexolog med kompetanse på kjønn, kjønnsmangfald og kjønnsidentitet, som vil hjelpe til i utreiing og behandling, ettersom diagnosen kjønnsinkongruens er flytta under tilstandar knytt til seksuell helse i ICD-11. 
  • Tilgang til pediater ved eventuelle underliggjande helseutfordringar, og endokrinolog ved spørsmål eller oppfølging knytt til hormonbehandling.
– Vi ønskjer å få pasientane inn i verksemdene, så vi får følgt dei over tid. Då får vi sett biverknader og kva som skjer og korleis behandlinga påverkar folk, seier Fundingsrud. 

Høgspesialisert behandling

Høyspesialisert behandling betyr i denne samanhengen endokrinologisk og/eller kirurgisk kjønnsbekreftande tiltak. I dei regionale sentera er det foreslått av det ikkje skal starte opp medisinsk behandling, berre ikkje- medisinsk behandling og utgreiing. 
Den nye Ukom-rapporten​ støttar også desse tilrådingane.

Vurderinga for prosjektet er at både kunnskapsgrunnlaget og pasientvolumet er for lågt til å forsvare oppstart av pubertetsutsetjande og hormonell behandling under pilotering av dei regionale sentera.

Vegen vidare

I løpet av 2023 vil alle regionar ha etablert regionale senter. Helse Nord, Helse Midt-Noreg og Helse Vest skal teste ut det nye tenesteforløpet, for å identifisere eventuelle manglar og utfordringar. Prosjektet vil samle og dele erfaringar og evaluere i kva grad dei ønskte måla møtest. Erfaringane vil brukast til å vidareutvikle behandlingstilbodet.

Status for dei ulike regionane er:
  • Helse Nord skal lyse ut ein 100 % koordinatorstilling for senteret. Deltidstilsett barnelege med interesse og kompetanse for pediatrisk endokrinologi, og psykologspesialist vil bli knytt til senteret.
  • Helse Midt-Noreg har tilsett prosjektleiar med bakgrunn som psykologspesialist og sexolog (50%), koordinator med bakgrunn som sexolog og jordmor (25%) og psykologspesialist (25%).
  • Helse Vest ​har tilsett koordinator (100%, hvorav 50% fram til 1. september) og psykologspesialist i 50 % stilling (fra 1. oktober 2023).
  • Helse Sør-Aust har to regionale senter som jobbar med kompetanseheving og rettleiing, men tilbyr per i dag ikkje pasientbehandling til barn og unge regionalt (kun lokalt i BUP Kongsvinger).