logo Helse Vest

Pris til geriatriundervisning

Helse Vests utdanningspris for 2022 gjekk til undervisningsgruppa i geriatri ved K2, Universitetet i Bergen. – Vi gler oss til å halda fram  arbeidet med å gi studentane best mogleg undervisning, slik at dei er godt rusta til vidare arbeid i helsetenesta, seier Susanne S. Hernes blant prisvinnarane.

Publisert 02.02.2023
Seks kvinner med diplom og blomster, smiler. Foto.

​​Formålet med Helse Vests utdanningspris er å premiera tiltak som hevar og fremjer det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen, slik at helseføretaka er rigga til å møta utfordringane og behova i framtida. Prisvinnarane i år gjer akkurat dette. 

– Vi er kjempeglade og kjempestolte over at vi har fått denne prisen. Vi gler oss til å halda fram arbeidet med å gi studentane best mogleg undervisning, slik at dei er godt rusta til vidare arbeid i helsetenesta, seier førsteamanuensis ​​Susanne S. Hernes som er blant prisvinnarane. 

​​Fagområde i vekst

Fagområdet geriatri representerer eit relativt lite fagmiljø, men det er eit fagområde som er i vekst og av aukande betydning på grunn av den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre og multisjuke pasientar i både primær- og spesialisthelsetenesta.

God og klinikknær undervisning i geriatri har derfor mykje å seia for framtidige legar og anna helsepersonell.

​Jobbar tverrfagleg​​​

Undervisningsgruppa i geriatri jobbar tverrfagleg, noko juryen har lagt vekt på. Undervisninga inngår i emne i medisinutdanninga, men andre helseprofesjonar blir også inviterte til å delta, til dømes sjukepleiarar til temadag om delirium, fysioterapeutar til temadag om fall og ernæringsfysiologar til ernæringsdagen.

I tillegg til å gi auka kunnskap til dei som deltek i undervisninga, er det viktig at tverrfagleg samarbeid om den geriatriske pasienten blir gjort synleg, og dessutan bidra til refleksjon rundt rolla til legen generelt – og i tverrfaglege team spesielt.