Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Strategi for digitale helsetenester

F: Digital plattform

Med digital plattform siktar ein til dei systemløysingar og tekniske eigenskapar som mogleggjer auka endringsevne, enklare tilgang til data og meir brukarnær tenesteutvikling . Eit døme kan vera at Helse vest har sett som mål at pasientane skal bruka Helsenoreg for å få kontakt med spesialisthelsetenesta og at helsepersonellet vårt skal bruka DIPS som hovudjournal.

Et nettbrett på et bord

Tiltak ved oppstart handlingsplan:

  • Beskrive innhald og eigenskapar ved den digitale plattforma som skal støtte heilskaplege digitale helsetenester, både for primærformålet pasientbehandling, men også for sekundærformål som forbetring av pasientforløp, rapportering til ulike register, kliniske studiar, forsking osb. Utvikle målarkitektur med informasjonsmodellar og terminologi.
  • Videreutvikle den digitale plattforma slik at heilskaplege digitale helsetenester kan etablerast for fleire fagområde
  • Avklare føringar og retningslinjer for korleis løysingar for digitale helsetenester skal blir vurdert som behandlingsretta helseregister eller kommunikasjonsløysing

Løysingar for digitale helsetenester og den digitale plattforma i Helse vest må støtta opp under:

  • at digitale helsetenester kan leverast effektivt og sikkert
  • at nye tenester kan etablerast effektivt
  • at helsepersonell sjølv (med intern støtte) kan setja opp pasientforløp, reglar, grenseverdiar osb.
  • god og heilskapleg brukaroppleving
  • heilskapleg arbeidsflyt
  • samhandling i og mellom sjukehus
  • samhandling med primærhelsetenesta gjennom bruk av nasjonale løysingskomponentar
  • strukturerte data til fleire formål – pasientbehandling, avgjerdsstøtte, analyse, kvalitetsregister og forsking
  • utnytting av potensialet innan kunstig intelligens
  • universell utforming og individuell tilrettelegging
  • tryggingsløysingar og tilrettelegging for barn og unge

DIPS Arena er hovudjournal og pasientadministrativt system, og har funksjonalitet innan digitale helsetenester. Samtidig er me avhengige av meir spesialiserte løysingar for digitale helsetenester for å utfylla DIPS Arena, noko som også krev ein tett integrasjon.

Nasjonale tenester og løysingar er viktig for å utnytta felles investeringar og auka samhandlinga mellom helseaktørar. Helsenoreg er portalen til pasienten til dei digitale helsetenestene, og forløpa og IKT-løysingane våre må integrerast med Helsenoreg.

Program for digital samhandling blir grunndata- og tillitstenester utvikla i steg 1, og datadeling for digital heimeoppfølging i steg 2. I prosjektet Digitale behandlingsplanar og eigenbehandlingsplanar er målet at helseaktørar frå systemløysingane sine kan få tilgang til behandlingsplan og eigenbehandlingsplan gjennom Kjernejournal, og på den måten styrkja den digitale samhandlinga. Vidareutvikling av Velferdsteknologisk knutepunkt er viktig for datafangst frå medisinsk utstyr og behandlingshjelpemiddel, og desse dataa må kunna overførast til den digitale plattforma vår i Helse vest.

Nye digitale helsetenester vil krevja betre digitale verktøy, og ved utvikling og anskaffingar skal dette gjerast i ein regional kontekst. Me skal vidareutvikla vår felles regionale digitale plattform. Vidare skal generiske løysingar prioriterast slik at me vel løysingar som kan nyttast på tvers av pasientgrupper.

Me må samarbeida tett med leverandørmarknaden og helsenæringa, invitera leverandørar til dialog med klinikarar og leggja til rette for innovasjon.

Område og tiltak i strategien

    Sist oppdatert 22.03.2024