Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Strategi for digitale helsetenester

A: Heilskapleg digital helseteneste

Ei heilskapleg digital helseteneste har komponentar frå alle områda under – kommunikasjon mellom pasient og behandlar, oppfølging basert på informasjon frå pasient, nettbasert behandling og pasientopplæring. Andre tenester slik som legemiddelgjennomgang og samtale om legemiddelbruk kan også vera ein del av dette. 

Et glass vann og en penn

Tiltak ved oppstart handlingsplan:

  • Etablere heilskapleg digital helseteneste for nokre større pasientgrupper og bruka erfaringa frå desse for bredding til fleire pasientgrupper
  • Utrede korleis behandlingsplan og eigenbehandlingsplan kan etablerast og fungera for å skapa oversikt og samhandling mellom pasient, pårørande, spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta

Ei heilskapleg digital helseteneste har komponentar frå alle områda under – kommunikasjon mellom pasient og behandlar, oppfølging basert på informasjon frå pasient, nettbasert behandling og pasientopplæring. Andre tenester slik som legemiddelgjennomgang og samtale om legemiddelbruk kan også vera ein del av dette. 

Ei heilskapleg digital helseteneste betyr ikkje nødvendigvis at alt innhald og at alle element blir samtidig teke i bruk, men det blir lagt ein plan for dette samtidig som det blir lagt inn mekanismar for å justera planen etter dei erfaringane ein gjer. Det finst gode døme frå andre helseføretak i Noreg der ein har komme langt i etablering av heilskapleg digitale helsetenester for enkelte pasientgrupper, og i helseføretaka våre er det fleire miljø som har ambisjonar om dette ut frå at dei ser moglegheiter og har konkrete behov.

I ei heilskapleg digital helseteneste er god avgjerdsstøtte viktig, og enkelte av leverandørane av løysingar for digitale helsetenester tilbyr det som kan kallast kunnskapsbaserte løysingar. Meirverdien av kunnskapsbaserte og spesialiserte løysingar må vurderast opp mot meir generelle løysingar der kunnskapsgrunnlaget i stor grad må byggjast av oss sjølve.

Område og tiltak i strategien

    Sist oppdatert 22.03.2024