logo Helse Vest

Strategi for digitale helsetenester

H: Måling og analyse

Om me skal lykkast med ein strategi for å ta i bruk digitale helsetenester i langt større grad er det viktig at det blir definert korleis Helse Vest vil måla bruken og breddingen av digitale helsetenester.

Tekst, tavle

Tiltak ved oppstart handlingsplan:

  • Etablere nullpunktsmålingar og vidareutvikla måling av aktivitet og effekt av digitale helsetenester
  • Forbedre og forenkla kodesystem for digitale helsetenester og arbeid for at desse blir gitt refusjon som intensiverer ibruktaking av digitale helsetenester 

Nasjonalt ligg enno ingen gode mål føre på effektindikatorar, og i Helse Vest kunne det vera aktuelt å både ha prosessindikatorar og effektindikatorar. Desse bør utviklast basert på hovudmål og delmål i denne strategien og handlingsplanen.Etter slike indikatorar er utvikla, må det utviklast digitale rapportar som gir leiarar, klinikarar og andre ressurspersonar innsikt i utviklinga slik som talet på unike pasientar og talet på unike hendingar.

Det er også viktig å måla effekt av innføringa av digitale helsetenester slik som redusert talet på fysiske konsultasjonar, reduserte akutte polikliniske kontaktar og reduserte akutte liggjedøgn.

IsF-reglementet blir utvikla og blir forbetra for å støtta bruk av digitale helsetenester, men dette skjer i stor grad reaktivt. Det er viktig å støtta utviklinga av nye digitale helsetenester og ein viktig del av dette vil vera etablering av kodesystem for digitale helsetenester som speglar ressursbruken, som intensiverer bruk av digitale helsetenester og som er enkle å bruka i helsetenesta.

Område og tiltak i strategien

    Sist oppdatert 22.03.2024