Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Strategi for digitale helsetenester

C: Oppfølging basert på informasjon frå pasienten

Denne hovudgruppa av digitale helsetenester inneber at pasientane kan få tilpassa oppfølging basert på informasjon frå pasienten. Informasjon frå pasient kan vera eigenregistrering ved utfylling av strukturert skjema og datafangst frå det medisinske utstyret til pasienten.

Et nettbrett med blå skjerm

Tiltak ved oppstart handlingsplan:

  • Sette av ressursar til lokale støttetenester for innføring av digitale helsetenester og skiping av behovsstyrt poliklinikk i alle helseføretak. Desse må samarbeida i regionen med deling av gode løysingar for arbeidsflyt og skjema. Viktig tiltak for fleire av tiltaksamråda.
  • Forbedre dei tekniske løysingane for bruk av behovsstyrt poliklinikk til store pasientgrupper.
  • Etablere datafangst frå medisinsk utstyr og behandlingshjelpemiddel inn i systema våre og utforska moglegheiter for å ta dette i bruk i større grad.
  • Utarbeide rutinar for regionalt fagleg samarbeid om utvikling av gode pasientforløp og bruk av behovsstyrt poliklinikk.

 

Behovsstyrt poliklinikk er eit satsingsområde i alle helseføretaka og det er etablert slike tenester for fleire pasientgrupper. Ved behovsstyrt poliklinikk registrerer pasienten symptom og funksjonsgrad heimanfrå på digitale skjema etter ein avtalt plan. I nokre tilfelle kan eigenregistrering supplerast med data frå medisinsk utstyr. Med bruk av ein trafikklysmodell med grøne, gule eller raude svarmarkeringar og førehandsdefinerte grenseverdiar, blir indikerte sjukdomsstatus og om konsultasjon er nødvendig eller ikkje og kva type konsultasjon som er mest formålstenleg.

  • Eit døme er oppfølging etter handleddskirurgi der pilotprosjekt ved Helse Bergen og Helse Stavanger har vist at ein kan redusera talet på fysiske konsultasjonar med 50-80%.
  • Eit anna døme er oppfølging av epilepsipasientar der omtrent 70% ikkje hadde behov for neste planlagde fysiske konsultasjon.

Avklaringar før operasjon og anestesi er også eit viktig område der eigenregistrert informasjon frå pasienten kan ha noko å seia for om operasjonen kan gjennomførast, om det det skal veljast dagkirurgi eller døgnopphald og for korleis anestesi skal førebuast.

Det er eit stort potensial til å ta i bruk behovsstyrt poliklinikk på fleire pasientgrupper. Om helsepersonellet kan bruka mindre tid på pasientar som ikkje treng konsultasjon, kan helsepersonellet bruka meir tid på pasientar som har større behov. Vidare er det eit potensiale å kunna ta imot og bruka data frå medisinsk utstyr og behandlingsmidlar for enkelte pasientgrupper, og dessutan fjernovervaking der utstyret til pasienten kan overvakast og kalibrerast over nett. Det er også viktig for enkelte pasientgrupper at pasient kan senda inn informasjon på eige initiativ etter avtale med sjukehuset utanom avtalte tidspunkt i behandlingsplanen, noko som kan auka fleksibiliteten i tenesta. Rett bruk av slik skjemabasert oppfølging har også vesentleg potensiale for å redusera tidsbruken til helsepersonellet til dokumentasjon av symptoma til pasienten etc.

Erfaringane frå dei som lykkast med behovsstyrt poliklinikk må løftast fram, og det må vera gode støttetenester i kvart helseføretak for utvikling av behovsstyrt poliklinikk. Helseføretaka må dela resultat og samarbeida om rettleiarar og annan informasjon. Me har i dag system som gjer det mogleg med behovsstyrt poliklinikk, men det er ein del manglande funksjonalitet som gir utfordringar med å ta dette i bruk til mange pasientar.

Område og tiltak i strategien

    Sist oppdatert 22.03.2024