Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Talerstol i tre, med inngravering "Helse Vest". Foto.

Styret

Helse- og omsorgsdepartementet eig dei regionale helseføretaka, og vi er organisert slik at vi har eit eige styre for kvar av helseregionane. Styret er det øvste utøvande organet og har ansvaret for forvaltninga av Helse Vest RHF.

​​
Styret i Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for Helse Vest RHF, og med det dei fem helseføretaka og IKT-selskapet i regionen. Styret har ansvaret for at oppgåvene i helseføretaka blir løyste til det beste for pasienten.

Hovudoppgåvene til styret er

  • Den strategiske utviklinga for spesialisthelsetenesta på Vestlandet
  • Utvikling av helsefagleg kvalitet og tenesteinnhald. Styret skal leggje til rette for eit best mogleg helsetilbod i regionen ved bruk av dei ressursane vi har. På regionalt nivå vil det ofte dreie seg om fellesoppgåver i helseføretaksgruppa.
  • Organisering og leiing av den samla verksemda i det regionale helseføretaket
  • Tilsyn og kontroll med verksemd og drift​ i det regionale helseføretaket, helseføretaka og andre verksemder Helse Vest RHF eig. Styret fører tilsyn med at føretaka driv forsvarleg og arbeidar systematisk med kvalitetsforbetring.

Styret i Helse Vest består av likestilte representantar som er oppnemnde av Helse- og omsorgsdepartementet og representantar som er valde av og blant dei tilsette.​

Agnes Landstad er styreleiar.

Kvinne i hvit og blå bluse, briller. Foto.

Agnes Landstad

Styreleiar

 

Last ned bilde

En mann i dress som smiler

Oddvar Kaarbøe

Nestleiar

 

Last ned bilde

Kvinne i rød blazer, Smiler. Foto.

Anne Karin Hamre

Styremedlem

 

Last ned bilde

En mann i svart dress

Tord Anton Haaland

Styremedlem

 

Last ned bilde

Pål Eikeseth

Styremedlem

 

Kristin Reitan Husebø

Styremedlem

 

Hege Solbakken

Styremedlem

Kvinne i blomstrete bluse og briller, smiler. Foto.

Wenche Kristin Røkenes

Styremedlem

 

Last ned bilde

Linda Karin Gangstøe

Styremedlem

 

Bilde kjem

Mann i dress

Geir Arne Sunde

Styremedlem

 

Last ned bilde

Styremedlemmar skal vareta dei interessane som tener Helse Vest best. Styret er eit kollegium og utfører oppgåvene sine som eit kollegium. Styremedlemmane representerer ikkje nokre interessegrupper, men møter som individuelle personar med ansvar for alle saker, unnteke det som er fastsett i vedtektene for Helse Vest RHF.
 
Helse- og omsorgsdepartementet bruker føretaksmøte og budsjett for å gi rammer for verksemda.
 
Hovudoppgåvene til styret er knytte til:
 
  1. helsefagleg kvalitet og tenesteinnhald
  2. strategi og mål
  3. organisasjon og leiing
  4. tilsyn med verksemd og drift i føretaket
​Styret har i tillegg ansvar for evaluering av eige arbeid og arbeidsform.
 
Styreleiaren har ansvar for å kalle inn til møte.
 
Administrasjonen i det regionale helseføretaket førebur sakene som styret skal behandle. Styremedlemmane har ansvar for å setje seg grundig inn i sakene før møta.

Alle styremøte er i utgangspunktet opne. Dette betyr at kven som helst kan vere tilhøyrar, og at journalistar kan komme og skrive om det som blir diskutert og bestemt. Alle sakspapir, utgreiingar og referat er offentlege og ligg tilgjengeleg på nett.

Styret har likevel rett og plikt til å lukke enkelte møte, eller sende publikum og presse ut når det skal behandle enkeltsaker. Lukking av styremøte må vere begrunna og i tråd med lovverk og retningslinjer. Eksempel på saker som kan eller må behandlast i lukka møte:

  • Personalsaker, som for eksempel tilsetting eller avskjed av administrerande direktør
  • Anbod og større innkjøp der lova krevjer at prisar og andre forhold i innsendte tilbod skal haldast hemmeleg inntil ein avtale er inngått
  • Salg av hus og eigedomar frå helseføretaka når kontrakten ikkje er underskriven

Instruksen for styret i Helse Vest er utarbeidd i samsvar med dei prinsippa som gjeld for styrearbeid i selskap, medrekna i helseforetak. Formålet med styreinstruksen er å gi retningslinjer for arbeidsforma i styret, innhald og gjennomføring av styremøta, og å fungere som ei rettesnor for styremedlemmane og dagleg leiar når det gjeld rolleforståing, plikter og ansvar.

I tillegg til styreinstruksen er styret bunde av dei reglane som følgjer av lov, vedtekter eller instruks i vedtak frå foretaksmøtet. Det blir særskilt vist til helseføretakslova.​

Styreinstruksen

​Dei tilsette vel medlemmar til styret for Helse Vest RHF, annakvart år.

Les alt om Val 2023

Sist oppdatert 24.04.2024