Kunngjering om valresultat
Val 2023 er avgjort. Her er navna på dei som skal sitje i styra i den neste perioden frå 2023-2025.
Dette er ei kunngjering om valresultatet.
Valperioden for dei nye styremedlemmene er frå februar 2023 til februar 2025. Styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsette, er likeverdige styremedlemmer på linje med dei som er oppnemnde av eigar i føretaksmøte. Dei har òg dei same rettane og ansvaret.
Dersom ein styremedlem som er vald av dei tilsette sluttar i føretaket, blir vervet avslutta. Ein medlem av styret har møteplikt med mindre vedkommande har lovleg forfall. Vararepresentantar blir kalla inn i den rekkjefølga dei er valde.
Val 2023 er avgjort. Her er navna på dei som skal sitje i styra i den neste perioden frå 2023-2025.
22. februar 2023 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Dette er ei kunngjering om valet.