Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet, og vi har ei plikt overfor samfunnet i stort å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte.
Staten stiller krav og forventningar til at verksemdene dei eig skal opptre ansvarleg, vere leiande i sitt arbeid for å vareta menneskerettar, arbeidstakarrettar, redusere sitt klima- og miljøfotavtrykk og førebyggje økonomisk kriminalitet som, blant anna, korrupsjon og kvitvasking av pengar. Statlege verksemder skal vere leiande i arbeidet med samfunnsansvar.
Dette er nedfelt i Egarskapsmeldinga: Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap, St.6 (2022-2023)
Det å vere ei ansvarleg verksemd betyr kva ansvar det er venta at vi skal skal påta oss for menneske, samfunn og miljø, som blir påverka av verksemda vår.