Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Kva er oppdraget?

Det overordna målet med helsetenesta i Noreg er å sikre alle innbyggjarane tilstrekkeleg og god tilgang til tenester som er trygge og fagleg forsvarlege. Dei statlige helseføretaka skal ivareta drift og utvikling av sjukehus og anna spesialisthelseteneste.

Stortinget og regjeringa bestemmer rammene for kva som er vår offentlege helseteneste. Der blir det bestemt kva for rettar pasientane skal ha, økonomi og korleis tenestene skal styrast.

Den offentlege helsetenesta er delt i to:

1. Primærhelsetenesta​​

er driven av kommunane, har ansvaret for fastlegane, pleie- og omsorgstenester og andre tilbod som blir gitt over lang tid i nærmiljøet ditt.

2. Spesialisthelsetenesta

er den andre delen av helsevesenet. Dette er sjukehus, institusjonar og tilbod innanfor psykisk helsevern, rusbehandling, rehabilitering og habilitering. Du finn også tenester som skal bidra til å stille riktig diagnose (røntgen, MR, laboratorium med meir), forsyning av medisinar (sjukehusapotek) og gode IKT-system.

Vi er ansvarlege for pasientens helseteneste

Dei regionale helseføretaka har fått i oppgåve å drive spesialisthelsetenesta i Noreg. I tillegg til å drive sjukehusa i kvar vår region, betyr dette også at vi har fått mange andre oppdrag som til saman skal oppfylle Stortingets krav til ei god helseteneste. Dette omfattar forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.

Gjennom Statsbudsjettet fordeler Helse- og omsorgsdepartementet kvart år pengar til dei regionale helseføretaka. Det skjer etter ein modell som er basert på behovet for helsetenester i befolkninga. Same modell blir brukt når helseføretaka får sitt budsjett. Saman med pengane blir det også sendt ei bestilling som beskriver krav til aktivitet og kvalitet på tenestetilbodet.

Føretaksmøte og oppdragsdokument

Bestillingane til dei regionale helseføretaka er samla i det som blir kalt eit oppdragsdokument, og desse dokumenta blir levert til dei regionale helseføretaka i eit foretaksmøte ved starten av året. Det kan bli kalt inn til føretaksmøte fleire gonger i året dersom helse- og omsorgsministeren meiner det trengst.

Sjølv om helseministeren "eig" dei regionale helseføretaka, er føretaksmøtet den einaste arenaen der ministeren kan utøve eigarstyring overfor føretaka. Resten av året er det styra i helseføretaka som har ansvar for å styre og kontrollere drifta i regionane.

Det er også rapporterings- og oppfølgingsmøte mellom Helse- og omsorgdepartementet og dei regionale helseføretaka fleire ganger i løpet av året. I tillegg er det vanleg at helseministeren har uformell kontakt med styreleiarane og dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka.

Når året er slutt, rapporterer helseregionane inn korleis dei har løyst årets oppdrag. Dette dokumentet kallest årleg melding, og svarer heilt konkret på om bestillingane ​er utførte. I tillegg kjem årsrekneskap og ein tilhøyrande årsrapport.​

Oppdragsdokumenta, årleg melding og protokollane frå føretaksmøta er offentlege dokument, og ligg tilgjengeleg både på internettsidene til dei regionale helseføretaka og hos Helse- og omsorgsdepartementet.

Lenker

​Helse- og omsorgsdepartementets styring av helseregionane (regjeringen.no)

Oppdragsdokument for Helse Vest RHF (regjeringen.no)

Årleg melding - (regjeringen.no)

Årsrapportar og andre rapportar

​​

Sist oppdatert 05.01.2021