Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kven kan søkje forskingsmidlar?

Som hovudregel må søkjarar om Helse Vest forskingsmidlar vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.

Søknadstilgang for ikkje-tilsette

For enkelte søknadskategoriar kan forankringsavtale nyttast der tilsettingskrava ikkje er oppfylte. Berre personar tilsett ved følgjande institusjonar kan søkje med forankringsavtale:

  • universitet og høgskular i regionen
  • rus- og rehabiliteringsinstitusjonar

Forankringsavtalen skal inngåast mellom helseføretak/privat, ideell institusjon ved klinikk, avdeling eller liknande og søkjarens institusjon ved instituttnivå eller motsvarande. Avtalen skal signerast i tråd med fullmaktsstrukturen i institusjonane, og skal minimum vere på nivået klinikkdirektør, instituttleiar e.l.

Forankringsavtale er berre aktuelt for desse søknadskategoriane:

  • Doktorgradsstipend
  • Postdoktorstipend inkl. utviding av postdoktorstipend knytt til utanlandsopphald
  • Open prosjektstøtte

Sjå også utfyllande retningslinjer for kvar søknadskategori.

Forankringsavtale for søknadsåret 2026

Merk:​

  • Signert skjema må skannast og leggjast ved søknaden som del av "Alle andre vedlegg".

  • Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).

  • ​Det må leggjast fram ny forankringsavtale for kvar søknadsrunde.

Oppdatert mai 2025.

Sist oppdatert 14.05.2025