Retningslinjer for Stipend til kliniske studiar (20 prosent)
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.
Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (2021-2025) har som visjon at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling. Stipend til kliniske studiar kan vere eitt verkemiddel for å nå måla i handlingsplanen.
Stipenda er eit målretta tiltak for å integrere forsking i klinikk, og er innretta for å rekruttere klinikarar til deltaking i pågåande kliniske studiar. Målgruppa for stipenda er helsepersonell som ønsker å delta i forsking, men som i liten grad har vore aktive i forsking etter avlagt doktorgrad. Tiltaket skal bidra til auka interesse for og kompetanse innan kliniske studiar, og slik vere eit langsiktig rekrutteringstiltak for klinisk forsking i regionen.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjar må vere tilsett ved eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon i regionen og ha si stilling i klinisk eller paraklinisk verksemd i minst 50 prosent stilling. Søkjar må ha avlagt doktorgrad og ikkje, eller i liten grad, ha vore aktiv i forsking. Tilsetjinga må komme fram i CV til søkjar.
Stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Vurdering av søknader
Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.
Søknader om Stipend til kliniske studiar (20 prosent) blir i tillegg vurdert ut frå regional deltaking i prosjekta stipendet skal bidra inn i, og nytten for klinikk/avdeling under og etter stipendperioden. Gitt at søknadene elles fyller kriteria, vurderast både fagleg og geografisk fordeling av stipenda.
Kva kan det søkjast om
Søknaden må vere knytt til eit eller fleire pågåande forskingsprosjekt ved den avdelinga søkjar er tilsett. Prosjekta skal allereie vere finansiert, og stipenda skal primært nyttast til kompetanseheving hos søkjar.
Det kan søkjast om stipend i inntil 3 år. Satsen følger satsen for postdoktorstipend, og skal nyttast til løn med sosiale utgifter. Ein kan ikkje søkje om driftsmidlar.
Ved eventuell tildeling
Ved tildeling vil 20 prosent av den kliniske stillinga gjerast om til forskarstilling (frikjøp) i perioden.
Dersom det skjer endringar i tilsetjingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, vil stipendet bli avslutta.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.
Prosjektoversikt og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.
Oppdatert mai 2025.