Forsking er, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande dei primære ansvarsområda til helseføretaka. Forsking i Helse Vest skal ha høg kvalitet og nytteverdi, gi ny kunnskap og bidra til trygge og effektive helsetenester. Helse Vest støttar årleg om lag 300 forskingsprosjekt i helseføretaka i regionen.
Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2024 kl. 23:59. Vedtak om tildeling kjem 28. november 2024
Forsking og innovasjon til pasientens beste
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet lagar dei fire regionale helseføretaka kvart år rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste – Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenestene». Rapporten viser mellom anna kor mykje pengar som går til forsking og innovasjon kvart år, og kor mange forskingsprosjekt det er innan ulike forskingsområde.
Råd og utval
Forskingsnyheiter
Sist oppdatert 20.06.2024