Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En hvit sirkel med svart sentrum

Bruk av generativ kunstig intelligens

Frå tekst og bilete til møtenotat og digitale assistentar: generativ KI opnar for nye arbeidsmåtar. Samtidig krev teknologien at du kjenner grensene for kva som er trygt, lovleg og forsvarleg å bruke han til.

Bruk av generativ kunstig intelligens (GKI) må skje innanfor tydelege rammer for å sikre personvern, informasjonstryggleik og etisk forsvarlegheit.

Behandling av personopplysningar, også ved bruk av KI, skal gjennomførast i tråd med regionalt styringssystem for informasjonstryggleik og personvern.

Bruk av KI-assistent

KI-assistentar som Microsoft Copilot kan brukast til støtte i daglege oppgåver, men krev opplæring og forståing av korleis opplysningar blir behandla. Microsoft Copilot Chat i innlogga modus der datavern er aktivert, er den tilrådde tenesta for generativ KI i verksemdene. Innlogga modus for Microsoft Copilot Chat betyr at bruker er logga inn med sin Helse Vest brukarkonto i M365, og bruker tenesta via nettlesaren Edge.

Døme på daglege oppgåver er rettskriving, innhenting av informasjon, idemyldring, o.l. Brukaren må stadfeste alle svar genererte av KI-assistent mot andre kjelder før det blir brukt i vidare arbeid.

Dersom du brukarar KI-generert tekst eller bilete, må du opplyse om det, til dømes i bileitteksten («Biletet er generert av [oppgje modellnamn]») eller tidleg i teksten («Teksten er generert av KI og kvalitetssikra av [ditt namn]» eller «Teksten er bearbeidd ved hjelp av KI og kvalitetssikra av [ditt namn]»).

Du skal ikkje generere bilete, lyd eller video som kan oppfattast som menneske som faktisk finst.

Unngå å leggje materiale som er verna av opphavsrett inn i generative KI-løysingar, som bøker, musikk, kunstverk og liknande. Dette er viktig for å unngå brot på opphavsretten.

Ki kan brukast til å generere kode, men det krev høg forståing for tryggleik og kvalitet. 

Hugs at gammal kode kan bli foreslått, og denne kan til dømes ha kjende sårbarheiter inkludert. Tryggingsvurderingar av KI‑generert kode skal ta utgangspunkt i OWASP Top 10 for Large Language Model Applications og OWASP LLM Security Verification Standard (LLMSVS) for å identifisere og redusere LLM‑spesifikke sårbarheiter.

Det er forbode å bruke KI til å generere kode for tryggingskritiske modular utan særskild vurdering. Dette kan føre til at angriparar kan bruke koden som referanse for framtidig angrep.

API-nøklar og annan sensitiv informasjon skal aldri brukast som input. Vern nødvendige passord og nøklar i nøkkelkvelv eller beskytta «*.env» filer.

 

Transkripsjon og samandrag

Det er fleire typar møte og situasjonar der transkribering og samandrag kan gjerast ved bruk av KI. Her er retningslinjer for dei bruksområda som per no er godkjende i Helse Vest.

Ved bruk av transkripsjonstenester med KI, som til dømes i Microsoft Copilot, inneber det særskilde krav til personvern og informasjonstryggleik.

Følgjande reglar gjeld for bruk av transkripsjon i verksemdene i Helse Vest:

  • Transkribering av administrative samtalar og møte skal berre gjennomførast i verktøy som er godkjent for dette formålet i Helse Vest.
  • Transkripsjon skal ikkje brukast i samtalar og møter kvar det blir diskutert særlege kategoriar av personopplysningar.
  • Transkripsjon skal ikkje brukast i samtalar og møter kvar det blir diskutert verksemdssensitive opplysningar.
  • Dersom sensitive tema eller opplysningar likevel blir tekne opp under møtet, skal transkripsjonen stansast med ein gong og slettast.
  • Det skal komme fram tydeleg i møteinnkallinga at transkripsjon blir ønskt aktivert.
  • Dersom ein eller fleire møtedeltakarar ikkje ønskjer at transkripsjon blir nytta, skal dette takast til følgje.
  • Berre møteleiar eller medarrangør kan starte transkripsjon. Møteleiar har ansvar for å informere deltakarane når transkripsjon startar.
  • Møteleiar er ansvarleg for å kvalitetssikre og eventuelt korrigere KI-genererte møtenotat og oppfølgingspunkt etter møtet.

Transkribering av kliniske samtalar og møte skal berre gjennomførast i verktøy som er godkjent for dette formålet i Helse Vest.

Ordrett transkripsjon av samtale skal berre gjennomførast i verktøy som er godkjent til formålet i Helse Vest.

Agentar skal berre brukast til administrative og ikkje-sensitive oppgåver, med mindre det ligg særskild vurdering føre og godkjenning. Døme på slike oppgåver er rettskriving i samsvar med klarspråksprinsipp, innhenting av informasjon frå eigne dokument, navigering i SharePoint struktur og databasar, o.l. Generelt som ein assistent, aldri som avgjerdstakar. Når det gjeld KI oppsummering av innhenta svar, skal det alltid sjekkast med kjelda at svaret er rett før vidare arbeid med informasjonen.

Agentar må konfigurerast med tydeleg definerte kunnskapskjelder og instruksjonar. Brukaren er ansvarleg for å sikre at agenten ikkje får tilgang til informasjon han ikkje skal behandle.

Det skal gjennomførast ei vurdering av informasjonstryggleik og personvern før delte agentar blir tekne i bruk.

Brukarar som utviklar eller nyttar agentar må ha gjennomført opplæring i korleis agentar fungerer, inkludert korleis ein definerer kunnskapskjelder og instruksjonar.

Sist oppdatert 14.08.2026