Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bakgrunnsmønster

Bruk og utvikling av ikkje-generativ KI

Mange av dei viktigaste KI-løysingane i helsetenesta skaper ikkje nytt innhald, men analyserer data og støttar faglege vurderingar. Her kan du lese om korleis slike løysingar skal utviklast, brukast og forvaltast på ein trygg og ansvarleg måte

Ikkje-generativ KI omfattar algoritmar og modellar som ikkje skaper nytt innhald, men som blir brukt til analyse, prediksjon og avgjerdsstøtte. Desse systema kan vere integrerte i kliniske eller administrative prosessar.

KI som verktøy for spesifikke løysingar

Ikkje-generativ KI kan brukast til å støtte kliniske vurderingar, som til dømes avgjerdsstøtte for biletundersøkingar ved beinbrot.

Verktøy for avgjerdsstøtte blir rekna som Kliniske KI-tenester.

Det skal alltid vere ein menneskeleg kontrollfunksjon i avgjerdsprosessar.

Bruk av slike system krev forklarbarheit, etterprøvbarheit og dokumentasjon.

Det skal gjennomførast ein dokumentasjon og vurdering av informasjonstryggleik og personvern

Utvikling og innovasjon av KI

Utvikling av KI-løysingar i verksemdene i Helse Vest skal følgje prinsippa for etisk og ansvarleg KI, inkludert forklarbarheit, dataminimering og tryggleik. Det skal alltid vurderast om formålet med bruk av personopplysningar samsvarer med opphavleg formålet for innsamling av personopplysningar. Vidare skal det dokumenterast at dei grunnleggjande personvernprinsippa blir varetekne, sjå også Regelverket for utvikling av kunstig intelligens - Helsedirektoratet

 

 

 

Sist oppdatert 14.08.2026