Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Form, sirkel

Kunstig intelligens i Helse Vest

Kva slags KI-tenester kan du bruke, kven har ansvar, og kvar får du hjelp? Her får du oversikt over korleis Helse Vest legg til rette for trygg og ansvarleg bruk av kunstig intelligens i heile organisasjonen.

Kunstig intelligens (KI) er eit omfattande omgrep utan ein eintydig definisjon. I praksis blir nemninga brukt ofte som eit samleomgrep for ulike teknologiar og metodar, inkludert algoritmar, maskinlæring, statistiske modellar og avanserte dataanalysar.

All bruk og utvikling av KI i verksemdene i Helse Vest skal følgje gjeldande regelverk, etiske retningslinjer, og krava til personvern og informasjonstryggleik.

Bruken av kunstig intelligens skaper fleire utfordringar. Det kan vere krevjande å sikre tilstrekkeleg personvern, og teknologien kan føre til uvisse om pålitelegheit, etterprøvbarheit og ansvarsforhold. Denne retningslinja gir konkrete tilrådingar for korleis KI kan utviklast og nyttast på ein forsvarleg måte, i tråd med eksisterande regelverk.

Innhaldet i denne retningslinja byggjer delvis på ulike rettleiingar tilgjengeleg frå m.a. andre helseføretak, Helsedirektoratet, Digitaliseringsdirektoratet, NAV, og forordninga for kunstig intelligens (KI-forordninga)[1][2][3][4] som vil tre i kraft sommaren 2026. 

Dokumentet skal vere eit supplement for styringssystemet i Helse Vest for informasjonstryggleik og personvern, og dessutan bidra til å sikre at all bruk og utvikling av KI i Helse Vest skjer etisk, lovleg og med høg grad av pasienttryggleik.

 

Kjeldar:

[1] Helsedirektoratet, Kunstig intelligens i helse- og omsorgstenesta: https://www.helsedirektoratet.no/tema/kunstig-intelligens

[2] Digitaliseringsdirektoratets KI-ressursar: https://www.digdir.no/kunstig-intelligens/bruk-av-generativ-kunstig-intelligens-i-offentlig-sektor/4670

[3] NAV rettleier for generativ kunstig intelligens: https://data.nav.no/fortelling/ki/

[4] Regjeringen.no: KI-forordninga

Målgruppa for dette dokumentet er alle som skal bruke eller utvikle KI i verksemda i Helse Vest. Dette inkluderer medarbeidarar, brukarrepresentantar, innleigd personell og studentar ved alle helseføretak i Helse Vest.

 Leiarar på alle nivå  

  • Gjere retningslinjene kjent for dei tilsette.
  • Følgje opp at dei tilsette etterlever krava i retningslinjene og at tilsette har fått tilstrekkeleg opplæring og kompetanse i å bruke KI-tenester.

  Alle tilsette  

  • Følgje retningslinjene.
  • Kvalitetssjekke innhald skapt av KI som blir delt med andre.  

Anbefalt generativ KI-tjeneste 

Helse Vest IKT har ikke en egen åpent tilgjengelig generativ KI-tjeneste, men har inngått en databehandleravtale med Microsoft, og har aktivert Microsoft Copilot Chat for alle medarbeidere i virksomhetene i Helse Vest. Det er ikke tillatt å dele taushetsbelagt informasjon med Copilot, selv om tjenesten er vurdert og akseptert som den anbefalte generative KI-tjenesten. 

For enkelte prosjekter er det mulig å få tilgang til en generativ KI-tjeneste via API implementert av KI-teamet i Helse Vest IKT. Denne er også egnet for sensitive data fordi den ligger på en egen Helse Vest IKT-server. Ta kontakt med HVIKT sitt KI-team for mer informasjon.  

Microsoft Copilot Chat i innlogget modus der databeskyttelse er aktivert, er den anbefalte tjenesten for generativ KI i virksomhetene. Innlogget modus for Microsoft Copilot Chat betyr at bruker er logget inn med sin Helse Vest brukerkonto i M365, og bruker tjenesten via nettleseren Edge.  

Generelt kan KI-tjenester trenes på dine data, eller på andre måter bruke dine data, der det er mulig. Så vær alltid forsiktig med hvilken informasjon du deler med KI-tjenester.

Generell minner vi om at det berre er  lov å bruke IT-programvare eller IT-tenester som er tilbodne frå HVIKT i jobbsamanheng. Det er derfor ikkje tilrådd å bruke opne KI tenester i jobbsamanheng i Helse Vest. Det er forbode å dele teiepliktig informasjon i opne KI-tenester.

Omgrepet opne KI-tenester refererer vanlegvis til kunstig intelligens-løysingar som er fritt tilgjengelege. Dette inkluderer mellom anna:

  • Generative KI-verktøy som ChatGPT, Perplexity, Grok og Google Gemini
  • Automatiserte omsetjingstenester som Google Translate eller DeepL
  • Bilet- og talegjenkjenning i eksterne appar og nettenester
  • Tilrådingssystem i strøymetenester, nettbutikkar og sosiale medium

Ifølgje Digitaliseringsdirektoratets rettleiing for offentleg sektor[1] må opne KI-tenester blir vurdert nøye før bruk, spesielt med tanke på:

  • Personvern og informasjonstryggleik
  • Etisk forsvarlegheit
  • Openheit og sporbarheit
  • Risiko for diskriminering eller skeivskap

Ver merksam på at enkelte opne KI-tenester har varierande praksis for lagring og deling av data. Ver derfor ekstra varsam med kva informasjon du vel å dele.

I offentleg sektor, som helsevesenet, er det særleg viktig å vurdere om slike tenester behandlar personopplysningar, og om dei blir brukte i avgjerdsprosessar som påverkar enkeltpersonar. Då gjeld strenge krav til dokumentasjon, vurdering av risiko og etterleving av regelverk. Ta kontakt med din næraste leiar, personvernansvarleg eller eHåndboken[2] for vidare informasjon.

 

Kjeldar:

[1] Digitaliseringsdirektoratet: Rettleiing for ansvarleg bruk og utvikling av kunstig intelligens

[2] Kvalitetshandbok (Styringsdokumenter): eHåndbok

KI-løysingar som er utvikla av Helse Vest IKT, eller der Helse Vest IKT har inngått avtale om levering av ei løysing til bruk i verksemdene i Helse Vest blir definert som lukka KI-tenester.

Viss løysinga inneber at leverandøren skal behandle personopplysningar på vegner av verksemdene i Helse Vest skal dette regulerast nærare i ein databehandlaravtale. Dette inneber at det er etablert klare rammer for korleis personopplysningar kan behandlast, under dette blir lagra, blir brukt og sletta. I slike løysingar har leverandøren ingen rett til å bruke personopplysningar til eigne formål, og det blir stilt krav til informasjonstryggleik, tilgangskontroll og etterleving av personvernlovgivinga.

Eventuell utlevering av personopplysningar til leverandørar må følgje eigne etablerte prosedyrar som til dømes ROS, DPIA etc.

Lukka KI-tenester gir dermed betre kontroll over dataflyt og reduserer risikoen for uautorisert deling eller gjenbruk av teiepliktig informasjon. Desse tenestene kan, dersom dei er riktig implementerte og dokumenterte, nyttast i behandling, avgjerdsstøtte og administrative prosessar innanfor helseføretaket.

Kliniske KI-tenester er løysingar med medisinsk formål brukte i pasientbehandling. Slike løysingar blir rekna som medisinsk utstyr og skal vere CE-merket. Kliniske KI-tenester kan berre brukast i lukka, godkjende oppsett i Helse Vest. Det er krav om menneskeleg tilsyn og tydeleg ansvar i avgjerder. Når KI inngår i beslutningstøtte, bør dette merkast. Tenestene har høgare krav til driftsovervaking og hendingslogg.

For eigenutvikla kliniske KI-tenester gjeld eigne reglar for CE-merking.[1]

 

[1] Direktoratet for medisinske produkt: CE-merking

 

 

Sist oppdatert 14.08.2026