Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En stor stormsky

Prinsipp for bruk av KI

Kunstig intelligens kan vere eit kraftfullt hjelpemiddel, men berre når han blir brukt på rett måte. Desse prinsippa gir deg eit enkelt kompass for å ta gode val og unngå dei vanlegaste fallgruvene.

Dette kapittelet omhandlar prinsipp for bruk av KI og byggjer på Helsedirektoratets KI-vitreglar.  KI-vitreglane er utarbeidde for bruk av generativ KI i helse- og omsorgstenesta.

Prinsipp for generativ KI

All bruk av KI skal følgje gjeldande regelverk og interne retningslinjer. Verksemdene i Helse Vest har felles styringssystem for informasjonstryggleik og personvern. Dette inneber mellom anna at det må gjerast risikovurderingar av informasjonstryggleik og vurderast personvernkonsekvensvurdering av KI-system der det blir behandla personopplysningar.

Opne KI-tenester skal ikkje nyttast til behandling av sensitiv informasjon. 

Ved bruk av opne KI-tenester har verken du eller verksemda kontroll over kvar eller korleis opplysningane du skriv inn i tenesta blir behandla. Leverandør av opne KI-tenester kan ha teke atterhald om retten til å bruke opplysningane dine til eigne formål. Bruk av personopplysningar i opne KI-tenester kan medføre brot på m.a. teieplikta og personvernet.

Tydelege og konkrete instruksar (spørjingar) aukar sjansen for relevante og nyttige svar. Kvaliteten du puttar inn, blir kvaliteten du får tilbake. 

Modellar kan dikte opp informasjon som kan verke truverdig. Hallusinering, altså feilinformasjon som står fram som sanning, førekjem ofte. Du som bruker, er ansvarleg for eigen bruk av KI.

Det kan vere vanskeleg å vite korleis modellane kjem fram til eit gitt svar. Dette kan svekkje etterprøvbarheita.

Hugs at verksemder innanfor offentleg forvaltning er underlagt kravet forvaltningslova ha til dokumentasjon av saksbehandling. Derfor bør du tenkje på at samtalane dine med kunstig intelligens kan vere gjenstand for innsyn etter offentleglova[1] [2].

 

[1] Lovdata: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

[2] Ein tilsett i Tromsø kommune hadde brukt ChatGPT for å lage ein rapport for å underbyggje eit forslag om å leggje ned åtte skular i Tromsø. Rapporten vart brukt som faktagrunnlag for forslaget om nedlegging, men viste seg å innehalde falske kjelder laga av KI. Les saka her: KI-skandalen i Tromsø: Tilsett bad om kjelder som støttar skulenedleggingar – NRK Troms og Finnmark

Når du har generert tekst eller bilete ved hjelp av KI, bør mottakarar informerast om dette.  

Bruk av KI til medisinske formål

KI-tenester som er innebygde i medisinsk utstyr og som blir brukte som avgjerdsstøtte i pasientbehandling er i bruk i verksemdene i Helse Vest. Det er viktig at du som bruker følgjer opplæring og etablerte rutinar for desse systema.

Når du bruker kliniske KI-tenester, hugs at

  • det alltid skal vere ein menneskeleg kontroll
  • du som helsepersonell er ansvarleg for å yte forsvarleg helsehjelp, så du skal alltid kvalitetssjekke resultatet som kjem ut av KI-tenesta
  • du må vere merksam på bias eller diskriminering i kliniske KI-løysingar
  • du ikkje kan bruke KI-verktøy som ikkje er CE-merket til medisinske formål
Sist oppdatert 14.08.2026