logo Helse Vest

Kven er din kandidat til Utdanningsprisen i Helse Vest?

No er det mogleg å nominere kandidatar til utdanningsprisen i Helse Vest for 2023. Fristen for å nominere kandidatar, er sett til 20. oktober 2023.

Publisert 02.10.2023
Ikon

Helse Vest deler kvart år ut ein utdanningspris. Formålet med prisen er å løfte fram den svært viktige rolla utdanning speler for helseføretaka, og gi merksemd til eit tiltak som på særleg godt vis framhever dette. Tiltaket som blir premiert må i samhandling heve og fremje det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen.

Utdrag frå statuttane

Prisen kan bli gitt til grupper, team og klinikkar som ved ulike initiativ/tiltak har gjennomført ein betydningsfull innsats for utdanning i verksemdene i føretaksgruppa i Helse Vest.

Prisen er open for utdanningstiltak retta mot alle grupper, som studentar i
grunnutdanning, spesialistutdanning, praksistiltak, opplæring og vidareutvikling av medarbeidarar, i tillegg til etter- og videreutdanningar.

Statuttar for utdanningsprisen

Nominasjonar kan sendast på e-post til sekretariatet ved Samarbeidsorganet for utdanning innan 20. oktober 2023

Les meir om Utdanningskonferansen