Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tilskot til helsefremjande arbeid

Jobbar organisasjonen din for å skape helsefremjande aktivitet? No kan de søke om tilskot.

Publisert 06.11.2023
Blå grafikk med symboler fra sykeshus.

Kvart år lyser vi ut midlar til brukarorganisasjonar som driv med helsefremjande arbeid. Tilskotet skal vere eit bidrag til ulike aktivitetar retta mot brukarar, der opplæring og eigenmeistring er sentrale formål. 

– Dialog og samhandling med brukarane er viktig for utviklinga av helsetenestene, og brukarorganisasjonane har ei stor rolle i arbeidet for ein betre og meir likeverdig teneste, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest. 

Søknadsfrist er 1. desember 

Tilskota blir lyst ut 1. november kvart år og har fast søknadsfrist 1. desember. Det er berre brukarorganisasjonar som har høyrer til i Rogaland og Vestland som kan søke. Tilskota skal brukast til formål som kan bli knytt til spesialisthelsetenesta eller har relevans for tenester i spesialisthelsetenesta.  

Meir informasjon om utlysinga og søknaden