logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 2: Inkludere habilitering for barn og unge i «Barn og unges helseteneste»

I prosjektet «Barn og unges helseteneste» har brukarar, kommunale tenester og spesialisthelsetenesta samarbeidd om å utvikle samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagane hos barn og unge.

Et par bamser sitter på et bord

Forløpa fungere som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde. Prosjektet starta i Helse Fonna og blei i 2019 utvida til å omfatte heile Helse Vest.

Habiliteringstenester for barn og unge (HABU) er allereie inkludert ved enkelte tilstandar. Samhandlingsforløpa bør inkludere alle barn og unge, og det er behov for å gjere eit tilsvarande systematisk arbeid med avklaring av forløp for tenester til barn og unge med ulike somatiske sjukdommar/tilstandar og funksjonsnedsettingar.

Arbeidet bør starte med habilitering for barn og unge. På sikt bør det vurderast ei utviding til habilitering for vaksne og for nokre pasientgrupper innanfor fysikalsk medisin og rehabilitering.

Konkrete mål

 

Metodikken i «Barn og unges helseteneste» har overføringsverdi særleg til habilitering for barn og unge, og kan bidra til å

  • synleggjere både for kommunen og for helseføretaka kven som har ansvar for kva

  • gi brukarane betre informasjon om kva som kan forventas av spesialisthelsetenesta og kommune.

  • legge til rette for betre samarbeid mellom psykisk helsevern for barn og unge og habilitering for barn og unge

Tiltak for å nå mål

Inkludere habiliteringstenester for barn og unge i det regionale prosjektet «Barn og unges helseteneste» og

  • sette av dedikert prosjektleiarressurs på regionalt nivå

  • utvide prosjektperioden

  • sørgje for solid forankring regionalt og lokalt

  • inkludere og bygge vidare på kompetansen ved Regional koordinerande eining (RKE) og koordinerande einingar i helseføretaka (KE)

Det bør vurderast å starte med forløp for «barn og unge med erverva hjerneskade» og for «barn og unge med medfødt/erverva skade i sentralnervesystemet som gir komplekse nevrologiske utviklingsforstyrringar med samansette motoriske vanskar, jf regionale og nasjonale utgreiingar i 2019.

Indikatorar på måloppnåing

Etablere ein regional rapport for fagområdet habilitering som til dømes viser tal for:

    • Tal unike pasientar per 1000 barn og unge innbyggar

    • Episodar per 1000 barn og unge innbyggar

    • Tal nytilvisingar per 1000 barn og unge innbyggar

    • Kva for tenester pasienten blir tilvist frå

Vurdere moglege indikatorar for samhandling:

    • Prosedyrekode for samhandling; indirekte pasientkontakt

    • Oppnemning av koordinator i sjukehus

    • Tal meldingar sendt til kommune om behov for IP og koordinator

 

 

Barn og unges helseteneste

Dei som treng hjelp og dei som skal hjelpe barn og unge må forstå dei ulike tenestene og deira rolle og ansvar. Slik kan vi skape eit betre hjelpetilbod. Dette handlar prosjekt barn og unges helseteneste om.

Les meir om Barn og unges helseteneste i Helse Fonna
En kvinne med langt hår
Sist oppdatert 05.04.2024