logo Helse Vest

Regional plan for habilitering og rehabilitering

Område 5: Redusere variasjonane i seinfaserehabilitering

Det er variasjonar i seinfase rehabiliteringstilbodet mellom helseføretaka, og samla ligg Helse Vest lågare enn andre regionar. Ein gjennomgang av status i regionen indikerer behov for auka merksemd på å inkludere seinfaserehabilitering i pasientforløp for ulike pasientgrupper, inkludert tilbodet ved private rehabiliteringsinstitusjonar.

Små helseføretak og små einingar med få legespesialistar har utfordringar med å rekruttere og behalde ulik type spisskompetanse. Dette gir auka fare for variasjonar i tilbodet.

Med seinfase rehabilitering i spesialisthelsetenesta forstår vi rehabilitering ved alvorleg og/eller kompleks forverring av kjent funksjonssvikt, eller nyoppstått alvorleg funksjonssvikt som følgje av tidlegare erverva skade/sjukdom eller kronisk sjukdom, der det er behov for spesialisert og intensiv tverrfagleg rehabilitering.

Konkrete mål

  • Unngå uønska variasjon i tenestane

  • Brukarane får likeverdige tilbod uavhengig av bustad

  • Rekruttere og behalde legespesialister i fysikalsk medisin og rehabilitering og anna nødvendig spisskompetanse

  • Rehabilitering inngår som ein del av pasientforløpa der det er fagleg grunnlag for å gjennomføre rehabiliteringstiltak

Tiltak for å nå mål

  • På heimesida til Regional koordinerande eining (RKE) finn du mer informasjon mellom anna om seinfaserehabilitering.

  • RKE skal bidra til å sikre helhetlig tilbod til pasientar med behov for sosial, psykososial eller medisinsk habilite

Indikatorar på måloppnåing

Ein regional rapport for fagområdet rehabilitering, som inkluderer til døme:

  • Målepunkt 16 som inngår i pakkeforløp for hjerneslag: Tidspunkt for poliklinisk kontroll i spesialisthelsetenesta

  • Tal spesialistlegar og legar i spesialisering knytt til fagområdet fysikalsk medisin og rehabilitering i helseføretaka og private rehabiliteringsinstitusjonar i regionen

  • Tal logopedar og nevropsykologar knytt til fagområdet fysikalsk medisin og rehabilitering i helseføretaka i regionen

  • For å vurdere om tenestene er tverrfaglege: del enkel og kompleks rehabilitering for helseføretaka og private rehabiliteringsinstitusjonar i regionen

  • Del ambulante tenester for helseføretaka

  • Del digitale tenester for helseføretaka og private rehabiliteringsinstitusjonar i regionen

  • Pasienterfaringar med innhald og kvalitet i tenesta

Regional koordinerande eining (RKE)

Regional koordinerande eining (RKE) i Helse Vest er lagt til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Gjennom samarbeid med dei koordinerande einingane (KE) i Helse Stavanger, Helse Fonna, Helse Bergen og Helse Førde søkjer RKE å synleggjera det det samla tilbodet innan habilitering – og rehabiliteringstenester i helseregionen via eigen nettportal.

Les meir
Diagram, kart
Sist oppdatert 05.04.2024