logo Helse Vest

Regional plan for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Område 3: Pasientforløp mellom kommune, TSB og psykisk helsevern for ROP-pasientar

Pasientar med alvorleg psykisk liding og rusliding (ROP) er særleg utfordrande for tenesteytarar. Bruk av rusmidler gjer det krevjande å få til stabile tilhøve i eigen bustad i kommunen, bruk av rusmidler gjer det krevjande å behandle psykisk sjukdom, og psykososiale problemer er medvirkande til bruken av rusmidler.

folk sitter og prater

Kommunar og spesialisthelsetenesta skal ha tenester som dekkjer behandlingsbehova til personar med ROP liding. Både når pasienten bor heime eller når han/hun er innlagt i institusjon eller innsatt i fengsel. Den nasjonale ROP rettleiaren er tydeleg på ansvarområde, behov for kompetanse og type behandling. Likevel er dette ei pasientgruppe kor det er jamleg diskusjoner mellom nivå og fagfolk og ulike einingar.

Les meir om grunnlaget for ACT/FACT* -team i Helse Vest i det vedlagde dokumentet. Nedanfor finn du lenker til nasjonale kompetansetenester og retningslinjer.

*)ACT= Assertive Community Treatment, FACT= Flexible Assertive Community Treatment

Konkrete mål

  • Eit løft for denne pasientgruppa krever større intensitet og kvalitet i planlegginga av pasientforløpa, med meir forpliktande samarbeidsstrukturar mellom involverte tenesteytarar.

  • Tilbodet om behandling for ROP pasientar skal vere innretta slik at ein strukturert og planmessig tek hand om alle sider ved pasienten sine utfordringar. Det skal finne stad både gjennom parallelle tiltak og tiltak som kjem i planlagt rekkefølge.

  • ROP pasientar skal i den grad det er mogeleg få oppfølging på heimstaden, gjerne i eigen bustad eller i nærleiken av eigen bustad. Det kan skje både som polikliniske tilbod, eller gjennom ambulante tilbod som ACT / FACT

  • ROP pasientar skal få tilbod om døgnbehandling i spesialiserte einingar der det er særleg kompetanse innan både psykisk helse og skadeleg bruk av rusmiddel, når det er indikasjon for døgnbehandling.

Tiltak for å nå mål

  • Etablere ein samhandlingsarena for tenesteytarar frå kommunen, psykisk helsevern og TSB som del av utviklinga av helsefellesskap

  • Sikre utarbeiding og oppfølging av kriseplan i samarbeidet mellom tenesteytarar og pasient / pårørande

  • Alle føretak skal ha tilstrekkeleg med FACT team

Indikatorar på måloppnåing

  • Etablert arena for samhandling, helsefellesskap, mellom kommune, TSB og PHV

  • Tal pasientar med kriseplan

  • Tal føretak med FACT team

Sist oppdatert 11.04.2024