Behandling
Sjukehusa våre skal gi deg den behandlinga du treng når du blir sjuk eller skadd. Sjukehus er forskjellige, og dei små lokalsjukehusa har ikkje like mange spesialistar som dei større sjukehusa. Derfor vil du kunne bli sendt til behandling i ein annan del av regionen enn der du bur.
Vårt ansvar er å sørgje for at sjukehusa samarbeider godt, og at alle veit kva dei kan behandle sjølv, og når dei må sende deg som pasient vidare. Nokre gonger kan det også passe betre for deg som pasient å bli tilvist til eit privat sjukehus eller klinikk.
Meir om behandling i Helse Vest
Forsking
Retten til å nyte godt av vitnskaplege framskritt er ein av grunnverdiane i det norske helsevesenet. Medisin og sjukepleie er fag som hele tida blir er i utvikling. Ny kunnskap gjer at pleie, arbeidsmåtar og teknologi blir betre.
Vi i dei regionale helseføretaka har ansvaret for å gi pengar til forskarar, og sørgje for at dei forskar på ting som gir direkte nytte i pasientbehandlinga. Det blir forska mykje i sjukehusa våre, og i tillegg samarbeider vi med universitet og høgskular.
Utdanning
Sjukehusa våre treng dei beste fagfolka, og fagfolka treng å få den rette kunnskapen slik at dei kan gjere ein best mogleg jobb frå første dag. Vi samarbeider tett med høgskulane og universiteta for at utdanninga av legar, sjukepleiarar og andre skal være så nyttig som mogleg.
Meir om utdanning i Helse Vest
Opplæring av pasientar og pårørande
Mange sjukdommar eller skadar gjer at du som pasient vil måtte tilpasse livet ditt til en ny situasjon. Alle sjukehusa skal ha eit godt tilbod om opplæring av både deg som pasient og dine pårørande for at du skal kunne leve med sjukdommen din.
Vi sørgjer for at alle opplæringseiningane samarbeider, at dei gir eit like godt tilbod til alle, og at dei som jobbar der er oppdaterte med den nyaste kunnskapen.