Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest
Et par kvinner i hvite uniformer

Behandling

Vår oppgave er å sørgje for at alle pasientar får god behandling på sjukehus, hos spesialist, eller på annan spesialisert institusjon.

​Fysisk helse

Psykisk helse og rus

Habilitering og rehabilitering

Bildediagnostikk og laboratorietenester

Ved akutt helsehjelp: Ring 113

Helsenorge

Her kan pasienten logge inn for å sjå sine eigendelar, bytte fastlege, bestille Europeisk helsetrygdkort, sjå oversikt over sine reseptar, melde frå om biverknader, sjå sin kjernejournal eller prøve ut nye tenester på Helsenorge.

Logg inn på Helsenorge

 

Dei fleste som er busett i Noreg, har krav på fastlege. Den som ikkje har fastlege eller er i tvil om han eller ho har rett til det, kan ringje Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.

Logg inn for å bytte fastlege

For å få planlagd behandling på sjukehus og i resten av spesialisthelsetenesta må pasienten ha tilvising frå fastlegen/primærhelsetenesta. Ofte er det også krav til kva tilvisinga må innehalde. Kva tilvisingsrutinar som er gjeldande kan variere noko frå sjukehus til sjukehus.

I nokre tilfelle vil det vere nødvendig med innlegging i sjukehus eller institusjon, men ofte kan dagbehandling eller poliklinisk konsultasjon vere det som er rette for pasienten. Kva behandling som blir gitt, og kvar behandlinga skal gjennomførast, avhenger av kva sjukdom eller skade det er snakk om.

Ta kontakt med gjeldande sjukehus dersom du vil vite meir om rutinar for tilvising på dei ulike områda.

Når sjukehusa mottek tilvisingar av pasientar, skal sjukehuset sørgje for at dei pasientane det hastar mest å få undersøkt, kjem først inn til behandling. Det er utvikla prioriteringsrettleiarar som skal vere beslutningsstøtte for dei som vurderer tilvisingane til spesialisthelsetenesta og dermed gjere det enklare å prioritere og sikre lik behandling av pasientane på tvers av føretak. Det er utarbeidd rettleiarar innanfor 33 fagområde.

Prioriteringsrettleiarar på helsedirektoratet.no

Pasientar, pårørande og publikum har krav på informasjon om kvaliteten på behandlinga i helsetenesta. Kvalitetsindikatorar er statistikk som bidreg til å belyse kvaliteten i tenesta.

Helse Vest oversiktsside (Helsedirektoratet)

Nasjonale kvalitetsindikatorar for heile landet, Helsedirektoratet​​

Dei som tilviser pasienten til behandling eller utgreiing i sjukehus, kan velje kva sjukehus dei ønskjer å tilvise pasienten til. Pasientar som er tilviste til sjukehus kan velje om dei vil behandlast eller undersøkjast på den staden dei er innkalte til, eller om tilvisinga skal sendast til ein annan stad.

For at pasienten, og den som tilviser, skal kunne gjere eit godt val, er det viktig at dei får god informasjon om behandlingsstader, ventetider, talet på utførte behandlingar ved kvar behandlingsstad, og lenker til nasjonale kvalitetsindikatorar. Denne oversikta er tilgjengeleg på nettstaden Vel behandlingsstad.

Velg ​behandlingssted​ Helsenorge

pasienthjelp.no (51 58 05 00)

Helse Vest har driftsavtalar med i underkant av 300 privatpraktiserande spesialistar i regionen, fordelt mellom spesialistar innanfor somatikk og psykisk helsevern.

Lege- og psykologspesialistar​

Pasientar som ikkje kan få behandling i Noreg på grunn av manglande behandlingstilbod, har på visse vilkår rett til behandling i utlandet. Dette er nedfelt i pasient- og brukarrettslova § 2-4 a, 2. ledd, bokstav a.

Helse Bergen ved Haukeland universitetssjukehus er ansvarleg for utanlandsbehandling

​Frå 1. januar 2015 blei pakkeforløp for kreft innført for dei fire vanlegaste kreftformene, og fleire diagnosar blei innførte 1. mai og 1. september 2015. Dette er del av tilbodet for alle kreftpasientane.

Les meir om pakkeforløp for kreft

Pakkeforløp for psykisk helse og rus blir innført trinnvis frå 1. januar 2019. Det er i alt utvikla sju pakkeforløp knytt til psykisk helse og rus.

Les meir om pakkeforløp for psykisk helse og rus

Helse og arbeid er ei vidareføring av ordninga "Raskere tilbake" og består av arbeidsretta behandlingstilbod.

Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og i private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering. Det er fastlegen som tilviser pasienten for behandling.

Tilbod om arbeidsretta behandling i Helse Vest

Ekspertpanelet blei lansert 31. oktober 2018 og skal gi alvorleg sjuke pasientar med kort tid igjen å leve, ein moglegheit til å få ei ny medisinsk vurdering. Helse Bergen leier panelet og du kan lese meir her:

helse-bergen.no/ekspertpanelet

Pasientinformasjon på helsenorge.no/ekspertpanelet

Sjukehusapoteka Vest har avdelingar i dei fire største sjukehusa våre. Dei forsyner og produserer medisinar for sjukehusa og driv også publikumsretta apotekverksemd.

Sjukehusapoteka Vest

Beslutningsforum for nye metoder består av dei fire administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka. Forumet har myndigheit til å beslutte kva metodar og medikament som skal takast i bruk i spesialisthelsetenesta. Fram mot at ei avgjerd blir teken, blir det gjort ei omfattende vurdering av aktuelle metodar eller legemiddel.

Nasjonalt system for innføring av nye metoder

Samarbeid om innkjøp av legemiddel: Dei regionale helseføretaka har ein samarbeidsavtale når det gjeld legemiddelinnkjøp til helseføretaka. Samarbeidet er kalt Legemiddelinnkjøpssamarbeid med forkortinga LIS.

Legemiddelinnkjøpssamarbeid (Sykehusinnkjøp)​​
​​

Sist oppdatert 28.04.2023