logo Helse Vest

Bildediagnostikk

Bildediagnostikk er eit samleomgrep for bruk av røntgen, CT, MR og PET-teknologi for å identifisere sjukdom og tilstandar.

I løpet av dei siste 20 åra har det skjedd ei rivande utvikling innanfor bildediagnostikk. Særskilt for bildemodalitetar som CT og MR har auken vore kraftig, og dei fleste fagområde innanfor helsetenesta drar nytte av utviklinga i form av meir presis diagnostikk. I 20xx blei det utarb​eidd ein plan for bildediagnostikk i Helse Vest. Planen gir oversikt og bakgrunnsinformasjon om fagfeltet.

Undersøkingane som blir gjort, er ein viktig del av den medisinske vurderinga ved å stille en diagnose, følgje sjukdomsforløpet og vurdere behandlingseffektar. Det blir stadig utvikla nye behandlingsmetodar der bildediagnostikk er direkte involvert, for eksempel innanfor nevrologis​​​ke og karkirurgiske prosedyrar. Samtidig kan mykje tyde på at ikkje all bruk er like godt medisinsk begrunna.

Krav til reduksjon i ventetider generelt og til raskare kreftutgreiing spesielt, stiller skjerpa krav til korleis vi utnyttar den samla kapasiteten innanfor bildediagnostikk i regionen.

Sykehusene i Helse Vest h​ar felles system (PACS/RIS???) som som gjer det mogleg å samarbeide på tvers. Vi har også har også avtalar med private institutt.

Bildediagnostiske undersøkingar blir utført på bestilling frå fastlege eller andre med tilvisingsrett. Pasienten betaler eigendel.

Sist oppdatert 11.01.2023