logo

Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn

No blir «Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn» satt i gang, ei ordning som skal sikre at alle pasientar får like rettar. Ønsket er også at det skal bli mindre administrasjonsarbeid for avtalespesialistane, og meir tid til pasientane.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 24.04.2023
Kvinne foran skjermen, illustrasjonsbilde

Dei regionale helseføretaka, Legeforeininga og Psykologiforeningen har i reviderte nasjonale rammeavtalar avtalt at alle tilvisingar innan psykisk helsevern skal sendast til helseføretaka. I Helse Vest blir denne ordninga kalla «Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn».

Sidan avtalespesialistar ikkje har juridisk kompetanse til å vurdere og tildele pasientrettar, gir ikkje dagens system pasientane som blir tilvist til ein avtalespesialist dei same rettane som pasientar som blir tilvist til helseføretak eller distriktspsykiatrisk senter (DPS). Dette betyr mellom anna at ikkje pasienten har rett til å få vurdert tilvisinga si innan ti virkedagar, eller kan få ein juridisk bindande frist for når helsehjelpa seinast skal starte.

Mindre admi​​nistrasjon

Per dags dato blir dei fleste pasientar tilvist frå fastlege direkte til avtalespesialist, men dette blir no endra med «Éin veg inn». Framover skal fastlegar eller tilviser, tilvise alle pasientar med behov for utgreiing og behandling innan psykisk helsevern til helseføretaka. Der vil tilvisinga bli vurdert, og dei pasientane som får tildelt rett til helsehjelp vil få behandling  hos ein avtalespesialist eller eit DPS.

– Den nye ordninga vil bli meir rettvis for pasientane. Samstundes får avtalespesialistane mindre administrasjon og meir tid til pasientar og klinisk arbeid, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF, som er ein del av prosjektgruppa i Helse Vest som arbeider med den nye ordninga.

Avtalespesialistar yter god behandling til pasientane, og har gode relasjonar til pasientane dei følger opp. Pasientar som har spesielle ønske til kvar dei ønskjer å få helsehjelp, kan framleis be om dette.

Fast system

Fastlegane har peika på manglande tilgjengelegheit til privatpraktiserande psykiatrar og psykologar i mange år. Det har mellom anna vore peika på manglande oversikt over prioritering og ventetid og uklar arbeidsdeling mellom helseføretak og privatpraktiserande spesialistar. No kjem tilvisingane inn i eit fast system, kor fastlegane berre har eitt mottak å forholda seg til.

Det neste nyheitsbrevet som Helse Vest sender ut til avtalespesialistane, vil omhandle den nye ordninga og dei ulike aspekta ved ordninga. Framleis skal mykje på plass før ordninga trer i kraft, men kravet frå Helse- og omsorgsdepartementet er at dette nå skal settast i gang så raskt som mogleg.

 

Kort om den nye ordninga:

  • ​Målet er å nytte den totale kapasiteten i spesialisthelsetenesta til det beste for pasientane.
  • Alle tilvisingar innan psykisk helsevern blir omfatta av den nye ordninga.
  • Frå helseføretaket tar imot ei tilvising, har det berre 10 dagar på å ta stilling til om pasienten har rett på nødvendig helsehjelp eller ei. 
  • Avtalespesialistane kan berre tilby behandling til pasientar som har fått rett til nødvendig helsehjelp av helseføretaket.
  • Samarbeidsavtalen mellom den enkelte avtalespesialist og helseføretaket blir oppdatert i tråd med den nye ordninga.
  • Helseføretaka blir økonomisk ansvarlege for eventuelle fristbrot hos avtalespesialisten.