logo Helse Vest
Måleur. Foto.

Avtalar med private

Helse Vest har avtalar med fleire private aktørar innanfor ulike område. For å kome i kontakt med dei, må pasienten ha tilvising.

Fakta om dei private avtalane i H​​​​else Vest​​

Helse Vest RHF hadde per september 2022 driftsavtalar med 251 privatpraktiserande spesialistar, 123 innanfor somatikk og 128 innanfor psykisk helsevern. Dei fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.

I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med åtte private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, åtte private rusinstitusjonar og sju private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region.

Helse Vest har også åtte tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, fordi desse institusjonane blir nytta av pasientar frå Helse Vest.

Vi har også avtalar med to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon.

For å auke kapasiteten på område der det er lang ventetid, er det inngått avtaler med private tilbydarar. Helse Vest har avtale med fire private laboratorium og tre avtala​r om radiologitenester (same leverandør, men på tre ulike plassar – Bergen, Haugesund og Stavanger).​

Kven har vi avtalar ​med?

​​Avtalespesialistar​

Private, ideelle institusjonar​​

Rehabilitering – private avtalar

Rusbehandling – private avtalar

Røntgen og laboratorium – private avtalar

 

Helse og arbeid

Rehabilitering og psykisk helse

Private behandlingsstader med avtale, landsoversikt på Helsenorge

Sist oppdatert 07.04.2024