Diagram
Innleiing

Om regional utviklingsplan

Regional utviklingsplan er Helse Vest sitt øvste strategiske dokument for utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet.

Planen viser kva retning Helse Vest skal styre etter dei neste fire åra, og kva slags helseteneste vi skal utvikle fram mot 2041.

Helse Vest RHF har sørgje-for-ansvaret for spesialisthelsetenester til innbyggjarane i regionen. Planen gjeld for føretaksgruppa i Helse Vest: Helse Vest RHF, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger, Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest. Han gir òg retning for samhandlinga med dei felleseigde nasjonale selskapa og andre samarbeidspartar der dei er viktige for å nå måla i planen.

Helse Vest er ein region med store byområde, små lokalsamfunn, lange avstandar og krevjande geografi. Nokre pasientar bur nær store fagmiljø. Andre bur langt unna. Derfor må vi utvikle tenestene slik at pasientane får rett hjelp på rett nivå, uavhengig av kvar dei bur.

Hovudoppgåva til sjukehusa i Helse Vest er å møte dei vanlege og store behova for spesialisthelsetenester i befolkninga. Sjukehusa er framleis grunnmuren som skal yte spesialisthelsetenester, og skal gi trygg behandling til dei vanlege og store pasientgruppene nær der folk bur. Samstundes krev enkelte tilstandar og behandlingar høgt spesialisert kompetanse som igjen krev regional samordning for å sikre kvalitet, pasienttryggleik og robuste fagmiljø.

Spesialisthelsetenesta har fire hovudoppgåver: pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Regional utviklingsplan tek utgangspunkt i alle desse oppgåvene. Pasientbehandling er den største og mest synlege oppgåva, men kvalitet, berekraft og utvikling av tenestene er avhengig av at forsking, utdanning og opplæring er tett kopla til klinisk praksis.

 

Ambisjonen er at pasientane på Vestlandet skal få trygge, samanhengande og likeverdige spesialisthelsetenester med høg kvalitet.

Samtidig blir rammene strammare. Behovet for helsetenester aukar raskare enn tilgangen på personell, kompetanse og økonomisk handlingsrom.

Det betyr at Helse Vest må prioritere tydelegare. Vi må bruke den samla kapasiteten betre. Vi må òg utvikle praksis når nye behov, ny kunnskap eller nye rammer krev det.

Når nye tiltak, metodar eller investeringar blir innførte, må vi samtidig vurdere kva som kan forenklast, endrast eller avsluttast.

Gjennomføring av planen føreset god involvering og godt samspel mellom medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta. Eit godt partssamarbeid er viktig for å sikre gjennomføringsevne og lykkast med utvikling og forbetringsarbeid i føretaksgruppa.

Planen byggjer på eit forpliktande regionalt fellesskap. Det betyr ikkje at alt skal vere likt overalt. Det betyr at føretaksgruppa i Helse Vest skal utvikle tenestene meir samla, og bruke sjukehusa, fagmiljøa, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og samarbeidspartnarane betre saman.

Målet er ei spesialisthelseteneste som er trygg for pasientane, god å arbeide i og berekraftig over tid.

Slik skal planen brukast som styringsverktøy

Regional utviklingsplan skal ikkje vere ein katalog over alt Helse Vest gjer. Han skal hjelpe styret i Helse Vest RHF og føretaksgruppa i Helse Vest å prioritere. Planen skal vise kva som er viktigast for utviklinga av spesialisthelsetenesta på Vestlandet.

Måla og styringsprinsippa i planen skal leggjast til grunn for økonomisk langtidsplan, styringsdokument, regionale delplanar, fagstrategiar og større investerings- og utviklingssaker.

Økonomisk langtidsplan skal vere konsistent med regional utviklingsplan. Det betyr at driftsmål, investeringsplanar og større utviklingstiltak skal vurderast opp mot dei strategiske måla og styringsprinsippa i planen.

Når ikkje alle behov kan prioriterast samtidig, skal utviklingsplanen gi retning for kva som er viktigast. Økonomisk langtidsplan skal vise korleis måla kan følgjast opp innanfor realistiske økonomiske rammer og berekraftig drift.

Styringsdokumenta til helseføretaka og Helse Vest IKT skal reflektere prioriteringane i regional utviklingsplan. Dei skal omsetje måla til tydelege forventningar, oppdrag og oppfølgingspunkt for helseføretaka og Helse Vest IKT.

Regionale delplanar, fagstrategiar og større program skal konkretisere retninga i utviklingsplanen. Dei skal ikkje etablere parallelle mål eller prioriteringar, men vise korleis dei strategiske måla skal følgjast opp innanfor det aktuelle området.

Dei felleseigde nasjonale selskapa, private ideelle verksemder, avtalespesialistar og andre samarbeidspartar skal involverast i arbeidet der dei er viktige for å realisere måla i planen.

Sist oppdatert 29.07.2026