Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styringsprinsipp for utviklinga av Helse Vest

Dei strategiske måla i planen skal ikkje stå åleine. Dei skal styrast gjennom nokre felles prinsipp som gjeld for heile føretaksgruppa. Prinsippa skal brukast når Helse Vest prioriterer mellom tiltak, fordeler ressursar, vurderer investeringar, utviklar tenester og følgjer opp resultat.

Prinsippa skal bidra til at Helse Vest tek meir samla og langsiktige val. Dei skal også gjere det tydelegare kva konsekvensar planen skal ha for økonomisk langtidsplan, styringsdokument, regionale delplanar, investeringssaker og større utviklingsprogram.

Prioritering skal få tydelegare konsekvensar

Helse Vest skal bruke ressursane der dei gir størst nytte for pasientane og best samla effekt for helsetenesta. Prioritering skal byggje på dei nasjonale kriteria: nytte, ressursbruk og alvorlegheit.

Prioritering handlar ikkje berre om å velje kva som skal styrkjast. Det handlar også om å vurdere kva som kan gjerast enklare, reduserast, flyttast, samordnast eller avsluttast. Når nye metodar, behandlingar, teknologiar eller arbeidsformer blir innførte, skal det samtidig vurderast kva dette skal erstatte eller endre.

Dette prinsippet skal gjelde både i strategiske val og i dagleg drift. Det skal brukast i vurderingar av nye tiltak, faglege satsingar, investeringar, kapasitetsauke, teknologiinnføring og endring av pasientforløp.

Personell, økonomi og kapasitet skal vere reelle rammer

Helse Vest skal ikkje planleggje framtidig utvikling ut frå behov åleine. Nye tiltak og investeringar må vurderast etter om dei kan bemannast, finansierast og driftast over tid.

Personellkonsekvensar skal vere ein fast del av større avgjerder. Tiltak som krev meir personell, meir vaktberedskap, meir areal eller meir driftsmidlar, må vurderast opp mot andre behov og mot samla berekraft i regionen.

Vekst i behov skal i størst mogleg grad møtast gjennom betre bruk av kapasitet, endra arbeidsmåtar, tydeleg oppgåvedeling, digital støtte, betre planlegging og reduksjon av arbeid som ikkje gir tilstrekkeleg nytte.

Helse Vest skal bruke samla regional kapasitet og kompetanse betre

Helse Vest er eitt regionalt fellesskap med eit samla ansvar for spesialisthelsetenestene på Vestlandet. Tenestene skal utviklast ut frå kva som gir best samla resultat for pasientane, fagmiljøa og regionen.

Det betyr at kapasitet, kompetanse, fagmiljø, støttefunksjonar, teknologi og investeringar må vurderast meir samla. Nokre tenester bør vere nær pasientane. Andre tenester må samlast eller samordnast for å sikre kvalitet, pasienttryggleik, robuste fagmiljø, beredskap eller betre ressursbruk.

Regional samordning skal ikkje vere eit mål i seg sjølv. Ho skal brukast der samordning gir betre pasienttenester, mindre sårbarheit, meir likeverdige tilbod eller meir berekraftig drift. Endringar skal gjennomførast med god involvering av fagmiljø, tillitsvalde, verneteneste og brukarrepresentantar.

Investeringar, teknologi og beredskap skal vurderast samla

Bygg, medisinsk-teknisk utstyr, IKT, digitale løysingar, klima- og miljøtiltak og beredskap bind ressursar over tid. Dei må derfor vurderast som delar av den same utviklinga, ikkje som separate satsingar.

Investeringar skal vurderast ut frå nytte for pasientane, samla ressursbruk, personellkonsekvensar, driftsøkonomi, klima- og miljøverknad, teknisk risiko og beredskap. Nye bygg og nye teknologiske løysingar skal støtte framtidig tenestemodell og bidra til betre bruk av kapasitet og kompetanse.

Beredskap og tryggleik skal vere ein del av ordinær planlegging. Større endringar i tenester, organisering, teknologi, bygg og forsyningsløysingar skal vurderast opp mot evna til å oppretthalde kritiske funksjonar ved kriser, langvarig belastning og krig.

Prinsippa gjeld for alle seks strategiske mål, men med ulik tyngde. Prioritering med tydelegare konsekvensar er særleg sentralt for Mål 1 og Mål 2, der val om kven som får tilgang til kva tenester og på kva nivå, er avgjerande. Personell, økonomi og kapasitet som reelle rammer er grunnlaget for Mål 3 og Mål 4, der planlegging av kompetanse, bemanning og regional samordning krev realistiske føresetnader. Regional kapasitet og kompetanse betre utnytta gjer seg særleg gjeldande i Mål 4, men er ein premiss i alle mål. Samla vurdering av investeringar, teknologi og beredskap er det berande prinsippet for Mål 5 og Mål 6, der val om bygg, IKT og beredskapskapasitet bind økonomi og personell i mange år.

Kva prinsippa betyr i praksis

Styringsprinsippa skal brukast aktivt i oppfølginga av planen. Når Helse Vest vurderer større tiltak, investeringar eller endringar, skal det vere tydeleg:

  • kva behov tiltaket skal svare på
  • kva nytte tiltaket gir for pasientar, medarbeidarar og tenesta
  • kva personell, økonomi, kapasitet og teknologi tiltaket krev
  • kva risiko tiltaket reduserer eller aukar
  • kva tiltaket skal erstatte, forenkle eller endre
  • korleis tiltaket påverkar samla regional berekraft

På denne måten skal prinsippa bidra til at planen får praktiske konsekvensar for prioritering, styring og gjennomføring.

 

Sist oppdatert 20.05.2026