Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ikon

Slik følgjer vi opp planen

Regional utviklingsplan skal vere eit styringsverktøy for styret i Helse Vest RHF, og for føretaksgruppa i Helse Vest.

Planen skal følgjast opp gjennom etablerte styringsprosessar, ikkje som eit eige spor ved sida av ordinær verksemdstyring.

Oppfølginga skal vise om Helse Vest utviklar seg i tråd med måla, om prioriterte tiltak gir ønskt effekt, og om det er behov for å justere kurs, tiltak eller ressursbruk.

Årleg oppfølging i styret

Styret i Helse Vest RHF skal minst ein gong i året behandle ei samla oppfølging av regional utviklingsplan. Saka skal gi styret grunnlag for å vurdere måloppnåing, risiko, gjennomføring og behov for nye prioriteringar.

Den årlege oppfølginga skal særleg vise:

  • utvikling på sentrale indikatorar for dei seks strategiske måla
  • status for prioriteringane i fireårsperioden
  • effekt av større regionale tiltak, investeringar og utviklingsprogram
  • vesentlege risikoar, avvik og område der utviklinga ikkje går i ønskt retning
  • behov for justering av kurs, tiltak, ressursbruk eller styringskrav

Strategiske indikatorar og måltal

Oppfølginga av regional utviklingsplan skal byggje på eit avgrensa sett strategiske indikatorar knytte til dei seks måla i planen. Indikatorane skal vise utvikling over tid og gi styret grunnlag for å vurdere om utviklinga går i ønskt retning.

Det skal så langt som mogleg nyttast etablerte nasjonale kvalitetsindikatorar, styringsparameter og regionale indikatorar.

For eit avgrensa sett indikatorar skal det fastsetjast utgangsnivå og konkrete måltal for perioden 2027–2030. Der konkrete måltal ikkje er fagleg tenlege, skal det fastsetjast tydeleg ønskt utviklingsretning eller milepålar.

Måltala og utviklingsretningane skal behandlast av styret som del av operasjonaliseringa av planen og deretter følgjast opp årleg. Indikatorane kan vidareutviklast i takt med utviklinga i nasjonale styringsparameter og kvalitetsindikatorar.

Justering av planen

Planen har eit langsiktig perspektiv fram mot 2041, men skal vere relevant for styring i kvar fireårsperiode. Prioriteringane skal vurderast og oppdaterast kvart fjerde år.

Dersom nye nasjonale føringar, endra økonomiske rammer, vesentlege risikoar eller ny kunnskap tilseier det, kan planen justerast innanfor etablerte styringsprosessar.

 

Sist oppdatert 29.07.2026