Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i 2026
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa i 2026.
Denne veka fekk helseføretaka i Helse Vest dei årlege styringsdokumenta av Helse Vest RHF, som fortel kva oppgåver sjukehusa, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest IKT skal gjere i 2026.
– Sjukehusa og sjukehusapoteka skal halde fram med å gi gode og likeverdige helsetenester til befolkninga på Vestlandet. Vi skal følgje opp oppdraget vi får frå Helse- og omsorgsdepartementet. Men vi har ikkje råd til å gjere alle ting slik vi alltid har gjort dei. Vi må for eksempel forbetre og bruke dei digitale løysingane vi har betre. Det er eitt av fleire viktige område vi arbeider med, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Frå fem til seks hovudmål
Kvart år får helseføretaka eit styringsdokument av styret i Helse Vest RHF. Dokumentet gir retninga til kva sjukehusa – Helse Fonna, Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Førde – og Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal prioritere i året som kjem. I januar fekk Helse Vest RHF eit oppdragsdokumentet overlevert frå Helse- og omsorgsdepartementet, og styringsdokumenta til helseføretaka byggjer på dette.

Foto: Jan Inge Haga / Hike
Det er til saman seks hovudmål i årets styringsdokument, eit ekstra sammenlikna med i fjor.
– Vi skal førebu oss betre for beredskap, og legge meir innsats i å vere den føretrekte arbeidsplassen for fagfolk. Vi skal i tillegg prioritere psykisk helse og rus, samhandling, forsking, innovasjon, kompetanse og pasienttryggleik. Alt dette er viktige føresetnadar for det overordna målet vårt, å kunne sikre berekrafta i tenesta, seier Bryne.
Her er dei overordna måla for 2026
Hovudmåla i spesialisthelsetenesta er:
- Rask tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet og samanhengande pasientforløp.
- Styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
- Kunnskapsbaserte og berekraftige tenester gjennom forsking, innovasjon og næringslivssamarbeid.
- Vår felles helseteneste skal vere fagfolka sin føretrekte arbeidsplass.
- Spesialisthelsetenesta bidreg til samfunnstryggleik og er førebudd på kriser og krig.
- Ei berekraftig drift og utvikling av spesialisthelsetenesta og god personellbruk.
Dette er dei kvalitative måla for 2026:
- Pasientar med store og samansette behov, under dette eldre som er skrøpelege og personar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelproblem, barn og unge med store og samansette behov og personar med fleire kroniske lidingar, skal motta samanhengande tenester med trygge overgangar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og få dekt sine behov for habilitering og/eller rehabilitering.
- Kvinner skal oppleve eit samanhengande, trygt og heilskapleg tilbod gjennom svangerskap, fødsel og barseltida.
- Spesialisthelsetenesta skal arbeide systematisk med prioritering og redusere uønskt variasjon i kvalitet og forbruk av helsetenester.
- Spesialisthelsetenesta skal bidra til at systematiske kjønnsforskjellar i helsetenesta blir jamna ut, og innsatsen for kvinnehelse skal styrkjast.
- Det skal vere trygt for medarbeidarar i spesialisthelsetenesta å melde uønskte hendingar og forbetringsframlegg. Systemet og kulturen til helseføretaka for tilbakemelding, oppfølging og læring skal bidra til færre pasientskadar.
- Medarbeidarar i spesialisthelsetenesta skal ha god fagleg leiing, eit godt arbeidsmiljø og meir fleksible arbeidstidsordningar som er tilpassa ulike livsfasar.
- Fleire pasientar skal få høve til å delta i kliniske studiar.