Dette er oppdraga vi skal løyse i 2026
Denne veka fekk Helse Vest RHF og dei tre andre regionale helseføretaka dei nye oppdraga for 2026 frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).
I midten av januar kvart år gir HOD oppdrag til dei regionale helseføretaka. Det består av oppgåver som skal løysast av spesialisthelsetenesta det kommande året. I føretaksmøte tysdag fekk Helse Vest RHF oppdraga som gjeld for 2026, etter at helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre heldt helsetalen.
– Oppdraga er førande for det vi gjer det neste året. For 2026 kjem det blant anna til å handle om beredskap, rask tilgang til helsetenesta og samanhengande pasientforløp, og å halde fram styrkinga av psykisk helsevern og rus. Vidare skal vi legge til rette for å behalde og rekruttere dyktige medarbeidarar, forsking, innovasjon og digitalisering framover, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Hovudmåla for 2026
Oppdraga har desse overordna måla:
- Rask tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet og samanhengande pasientforløp.
- Styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
- Kunnskapsbaserte og berekraftige tenester gjennom forsking, innovasjon og næringslivssamarbeid.
- Vår felles helseteneste skal vere fagfolka sin føretrekte arbeidsplass.
- Spesialisthelsetenesta bidreg til samfunnstryggleik og er førebudd på kriser og krig.
- Ei berekraftig drift og utvikling av spesialisthelsetenesta og god personellbruk.
HOD kan også gi tilleggsoppdrag gjennom året.
Kva skjer vidare?
Etter at Helse Vest RHF får oppdragsdokumenta frå HOD, lager Helse Vest RHF styringsdokument til helseføretaka og Helse Vest IKT. Det skjer i midten av februar. Styringsdokumenta blir vedtatt i føretaksmøte mellom Helse Vest RHF og helseføretaka, og i generalforsamling for Helse Vest IKT AS.
Les meir om oppdrag og styringsdokument på Vårt oppdrag - Helse Vest RHF.

Foto: Jan Inge Haga / Hike