Retningslinjer for forskarstipend
Forskarstipend skal motivere kandidatar med ph.d..-grad til å halde fram med forsking i helseføretaka og bidra til fagleg utvikling og forskingsmiljø. Forskarstipend skal òg stimulere og styrkje utvikling av klinisk forsking i det medisinske fagmiljøet i regionen. Kliniske studiar er ei prioriterte oppgåve i spesialistheilsetenesta.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Stipendiaten skal sjølv stå som søkjar og fortrinnsvis vere på eit tidleg stadium i si forskarkarriere. Stipendet er personleg og kan ikkje overførast til andre. Ein kan ikkje starte i forskarstipend-stilling før doktorgradsdisputas er gjennomført og godkjend. Det er likevel råd å søkje tidlegare. Erklæring frå hovudrettleiar der det blir gjort greie for framdrifta og forventa innleveringstidspunkt skal då liggje ved søknaden.
Søkjaren må vere sett til (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest på søknadstidspunktet. Tilsetjingsprosenten må komme fram i CV til søkjar.
Om tilsetjingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsetje ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet (minimum 20 prosent stilling), likevel søkje dersom det føreligget ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon, sjå kven kan søkje forskingsmidlar.
Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader innan same søknadskategori. Helse Vest forskarstipend kan tildelast same kandidat maksimalt to gonger. Dersom søkjar har hatt eit postdoktorstipend tidlegare, kan forskarstipendet tildelast kandidaten maksimalt ein gong.
Kva kan det søkjast om
Forskarstipend kan tildelast for inntil tre år i 100 prosent stilling eller seks år i 50 prosent stilling. Dersom stipendet blir gjennomført i 50 prosent stilling, skal dette kombinerast med klinisk eller paraklinisk stilling. Prosjektet må ha ein minimum varigheit på 2 år i 100 prosent stilling eller 4 år i 50 prosent stilling.
Stipendet blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til lønn med sosiale utgifter og drift av prosjektet, sjå stipendsatsar.
Dersom det er knytt spesielt høge driftskostnader til prosjektet, kan det i tillegg søkjast om ekstra driftsmidlar på inntil kr. 500 000 over tre år, eventuelt kr 330 000 over to år. Behovet skal grunngjevast i søknaden. Dersom vurderingskomiteen vurderer at ekstra driftsmidlar ikkje er nødvendig for gjennomføringa av prosjektet, kan komiteen velje å tilrå berre søknad om stillingsstipend.
Vurdering av søknader
Søknader til Helse Vest blir vurderte ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meininga at høg nytte eller høg kvalitet åleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.
Ved eventuell tildeling
Stipendiaten skal tilsetjast og ha den faste arbeidsplassen sin ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon») og vere aktivt deltakande i fag- og/eller forskingsmiljøet i heile prosjektperioden.
Søkjarar til forskarstipendstipend må kunne starte stipendet seinast 1. juli i tildelingsåret. Dette gjeld uavhengig av starta eller planlaga permisjonar.
Byte av arbeidsgivar under stipendperioden til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen, kan vere mogeleg. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast i dialog med søkjarinstitusjonen og Helse Vest og dokumenterast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.
Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsetje i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom Læringsportalen.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden. Andre vedlegg enn det som er lista nedanfor, skal ikkje leggjast ved søknaden.
Oppdatert juni 2026