logo Helse Vest

Historia - helsereformen 2002

18. januar 2001 blei eit høyringsutkast om ny helsereform og organisering av spesialisthelsetenesta sendt ut. 6. april same år blei Lov om helseføretak fremma for Stortinget (Ot.prp 66 / 2000-2001).

Odelstinget behandla lova i møtet 6. juni, og 6. juli blei landet delt inn i fem helseregionar. Lokaliseringa for dei regionale helseføretaka kom på plass og fem regionale styre blei oppnemnde.

Hausten 2001 blei det etablert 47 helseføretak i landet, med styre, stiftingsdokument og opningsbalanse (økonomi).

Frå 1. januar 2002 starta det nye eigarskapet som i vår region var Helse Vest RHF med underliggjande helseføretak. Dei fem føretaka var Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og det som då var Apoteka Vest, seinare Sjukehusapoteka Vest.

​I 2004 blei IKT-avdelingane i helseføretaka i Helse Vest skilde ut i det heileigde selskapet Helse Vest IKT AS.

I april 2015 blei også Helse Vest Innkjøp stifta, og selskapet var operativt frå 2. november same år. I Slutten av 2016 gjekk det inn i det nasjonale føretaket Sykehusinnkjøp HF.

Dei regionale helseføretaka arbeidde vidare med strategiar, funksjons- og oppgåvefordeling.

Kva er oppg​​​​åvene?​​​

Dei regionale helseføretaka fekk med helsereforma to hovudoppgåver:

  • "Sørgje-for-ansvaret”: Samla ansvar for at befolkninga i regionen får tilgang til spesialisthelsetenester.

  • Eigaransvaret: Eig og styrer helseføretaka i regionen.

​​​Kva inneb​​ar sjukehusreforma?​​

  • Eit skifte til statleg eigarskap​

  • Heilt ny organisering, i helseføretak

  • Helseføretak som sjølvstendige rettssubjekt og arbeidsgivarar

  • Pliktene i helselovgivinga er overførde til dei regionale helseføretaka

  • Avtaler og kontraktar blei overtekne av RHF/HF

​Oppg​åver for sjukehusa​

Pasientbehandling

Utdanning av helsepersonell

Forsking​

​​Opplæring av pasientar og pårørande

Sist oppdatert 28.04.2023