logo
Prøveglass i laboratorium. Foto.

Forsking

Forsking er ny kunnskap til det beste for pasienten. Gjennom pasientnær, klinisk forsking vil Helse Vest bidra til helsetenester av høg kvalitet, tilpassa behova til pasientane.

Kontaktinformasjon

Forsking er, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande dei primære ansvarsområda til helseføretaka. Forsking i Helse Vest skal ha høg kvalitet og nytteverdi, gi ny kunnskap og bidra til trygge og effektive helsetenester. Helse Vest støttar årleg om lag 300 forskingsprosjekt i helseføretaka i regionen.

 

​Sjukehusa i Helse Vest har ei felles løysing for innmelding av studiar​ som skal gjennomførast i samarbeid med industri.​

Digital opplæring for brukarmedverknad i helseforsking

Det er laga eit e-læringskurs for brukarmedverknad i helseforsking. Kurset er retta både mot brukarar og forskarar. Kurset er eit samarbeid mellom Kompetansesenter for klinisk forskning, det regionale brukarutvalget i Helse Vest og Regionalt e-læringsteam.

Kurset gir ein innføring i kva brukarmedverknad i helseforskning er, i tillegg til at du får praktiske tips for å etablere eit godt og fruktbart samarbeid mellom brukar og forskar.

Ta kurset
Rettleiar for brukarmedverknad i helseforsking i spesialisthelsetenesta​
Dei nasjonale retningslinjene for brukermedvirkning i helseforsking i spesialisthelsetenesta er grunnlaget for rettleiaren.

Alt om den tradisjonelle konferansen, der den gjeve forskingsprisen og innovasjonsprisen blir delt ut kvart år. Frå 2021 vil det også delast ut ein pris til ein ung forskar.

Alt om forskingskonferansen

 

 

Råd og utval

Regionalt samarbeidsorgan mellom Helse Vest, universiteta og høgskule i regionen vedtar fordelinga av Helse Vest sine forskingsmidlar, og har ein rådgivande funksjon i saker som gjeld forsking.

Les meir om samarbeidsorganet

Regionalt redelighetsutvalg har ansvar for å behandle saker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer. 

Les meir Redelighetsutvalget

Forskings- og innovasjonsstrategien HelseOmsorg21 blei ferdigstilt juni 2014. Målet med strategien har vore å skape ein målretta og heilskapleg innsats for det 21. århundre i verdikjeden frå forsking til innovasjon og kommersialisering. HelseOmsorg21-rådet vil arbeide med oppfølging av strategien.

Les meir om HelseOmsorg21

HelseOmsorg21-monitor

NSG blei oppretta i 2005 for å sikre dialog og samordning av helseforsking i eit nasjonalt perspektiv. NSG er eit strategisk rådgivande organ for dei deltakande institusjonane innan helseforsking. Dei regionale helseføretaka, universiteta, universitetssjukehusa og universitets- og høgskulerådet deltek i NSG. I tillegg møter to brukarrepresentantar og observatørar frå Noregs forskingsråd, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Helse Vest har sekretariatsfunksjonen for NSG for 2020 - 2022.

Les meir om NSG

Dei regionale helseføretaka si strategigruppe for forsking er eit viktig forum for kontakt mellom RHF-a og for kommunikasjon med Helse- og omsorgsdepartementet om overordneda og strategiske forskingsspørsmål.

Strategigruppa består av representantar frå kvart av dei fire regionale helseføretaka, både frå fagsida og frå administrativ side. Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Kunnskapssenteret og Noregs forskingsråd har observatørstatus i gruppa.

Les meir om strategigruppa i dei regionale helseføretaka

Forskingsnyheiter

  • En mann og en kvinne i et laboratorium
    24. november 2023
    Tildeling av Helse Vest sine forskingsmidlar 2024

    Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har 24. november 2023 tildelt midlar til 68 av dei totalt 248 søknadene som var sendt inn innan fristen 15. september. I tillegg har 157 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Til saman går 188 millionar kroner til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend som har fått tildeling gjennom utlysing av frie midlar.

  • Person sitter foran en skjerm og snakker og viser. Foto.
    18. september 2023
    Ny frist for å fremje kandidatar: Fredag 22. september

    Forskingsprisane og innovasjonsprisen blir delte ut på Forskingskonferansen i Helse Vest, som i år blir halden på Solstrand Hotel og Bad i Os utanfor Bergen.

  • Helsepersonell ser på eit bilde på ein skjerm. Foto.
    16. juni 2023
    Utlysing av forskingsmidlar i Helse Vest for 2024

    Helse Vest lyser ut midlar til forskingsprosjekt for 2024. Søknadsfrist er 15. september 2023. Midlane er lyste ut i open konkurranse og prosjekta skal vere relevante og til nytte for spesialisthelsetenesta.

Sist oppdatert 24.04.2023