Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Pasienthjelp

Pasienthjelparen i Helse Vest er del av Velg behandlingssted.

Helse Vest har sidan 2007 hatt sin eigen pasienthjelpar. ​Pasienthjelparen på Vestlandet er ​inkludert i den nasjonale tenesta Velg behandlingssted.

Velg behandlingssted​

Pasienthjelparen på Vestlandet og andre pasientrådgivarar kan kontaktast på
51 58 05 00.

Du kan også sende ein direkte e-post til pasienthjelp@helse-vest.no.

Pasientrådgivarane er utdanna sjukepleiarar og har erfaring frå sjukehusa. Dei kan blant anna gi informasjon om ventetider, korleis du kan bytte sjukehus, pasientrettar, transport, fristar og fristbrot.

Kortare ventetid – betre service​​​

Ved at pasientar får hjelp til å velje sjukehus/behandlingsstad, vil mange oppnå å få behandling raskare, det blir kortare ventetid ved sjukehusa totalt sett, og kapasiteten i regionen blir betre utnytta. Samtidig får pasientane betre service.

Velg behandli​ngssted (Helsenorge)

Sist oppdatert 28.04.2023