Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og ein kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng ein hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe.
Å snakke om sjølvmordstankar er som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det vi trur skjuler seg i mørket, blir mindre farleg eller forsvinn. Det er hjelp å få, og det første steget er å tore å seie det vanskelege ordet sjølvmord. Det er til dømes ikkje slik at det blir fleire sjølvmord dersom vi snakkar om sjølvmordstankar. Det er ikkje farleg å spørje, men vi må vere førebudde på å tole å høyre svaret.
Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det.
På denne sida finn du tips og råd til kva du skal sjå etter, korleis du kan ta den vanskelege samtala og kor du kan få hjelp.

Råd til deg som er bekymra for nokon

Råd til helsepersonell og fagfolk

Vis at du bryr deg
Ofte er det nok at du viser at du bryr deg. Saka er, som med alt anna, at det ofte blir betre når vi snakkar om det.
Hjelpetelefonar og anna hjelp
- Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommune eller spesialisthelsetenesta
- Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
- Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
- Mental Helse: 116 123
- Røde Kors: 800 33 321
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
-
helsenorge.no - hjelpeside
Kampanje for å førebyggje sjølvmord
